søndag, august 09, 2015

Sommarferien 2015


I sommar gjekk ferieturen vår til Sverige, nærare bestemt Örebro. 


Örebro viste seg å vere ein fin by, og vi utforska den både til fots og på leigesykkel.


Den gamle bydelen, Wadköping, sjarmerte oss med sin fine trehusbebyggelse (sjå bilete nr. 1), men det var det mykje spanande å sjå på i resten av byen også, særleg rundt slottet, som ligg midt i sentrum. Overalt dukka det opp kunsverk, som er plassert rundt i byen i forbindelse med Openart. Kjekt for både små og store!


Du kunne til dømes støte på kjempe-popcorn midt i ei rosa gate...



...eller strømpebuksekunst på ein husvegg.



Engelbrekt Engelbrektson, ein staseleg svensk nasjonalhelt høgt på ein sokkel, hadde for anledninga fått ein stort stillas rundt seg, slik at vi kunne klatre trappene opp og sjå han inn i augene.




Ein av dagane tok vi turen til Kristinehamn. Her vart det også ei kunstoppleving. Ute på eit nes i Vänerns skärgård ved Kristinehamn står det nemleg ein 15 meter høg skulptur laga av Picasso. Skulpturen skal forestille kona hans, og den var litt av eit syn, der den stod. 




Og skjærgården var eit syn i seg sjølv, med sommarhus på rekke og rad langs vatnet. Eg ynskte meg båttur lenger ut i skjærgården, men det vart det ikkje tid til denne gongen.




I staden køyrde vi inn i sentrum av Kristinehamn og rusla litt rundt i bedageleg ferietempo.




Svensk trehusidyll...


Innimellom utfluktene våre heldt vi hus i ei fin hytte på Gustavsvik camping. Campingplassen, med Sverige sitt største badeland, var stor og folksom, men hytta vår låg heilt i utkanten, så det var for det meste stilt og roleg akkurat rundt oss.


Tett ved hytta låg eit lite vatn med fiskebrygger, her var det fint å ta med kaffikoppen sin og helse på fuglane både morgon og kveld.


Så kom ferieturen til ein ende, og vi vende nasen heimover igjen. I Romsdalen sat eg som vanleg klar med kameraet. Eg sluttar aldri å forundre meg over dei mektige fjellpartia rundt Trollveggen! 


Det var litt grått og vått, men fjella låg og lurte bak skodda.

Dramatisk... 



Og så...heim til si eiga seng, si eiga gode pute! 

onsdag, august 05, 2015

Kjenner du Jesus?


I dag har eg lyst til å oppfordre deg til å bruke nokre minutt av tida di på denne vesle filmen. Ein utfordrande bodskap om den aller viktigaste beslutninga du kan ta; å seie ja til Jesus og alt han har å gi deg.

Vil du vite meir om kva dette inneber, finn du mykje god informasjon her.