mandag, april 13, 2015

"Uansett hvor sakte du løper,
knuser du dem som ligger på sofaen!"


Dette sitatet, som eg har plassert lett synleg på kjøkkenet vårt, kom eg over på "Dine30". Det er ei facebookside der mellom anna Helsedirektoratet vil inspirere til å bevege oss minst 30 minutt kvar dag. Det er ikkje alltid eg har så lyst å trene. Men å kome seg ut i skogen eller fjøra og gå ein rask tur eller trene litt styrke på stovegolvet, er overkomeleg og gjer eigentleg utruleg godt. Og så er det ei god investering i helsa. 

I den samanhelg må eg tipse om boka til Helene Sandvik, programleiar i Puls på NRK. Boka heiter 5-10-15, og inspirerte i alle fall meg til å snike inn effektiv trening i små porsjonar gjennom dagen. (Eg er ikkje sponsa, berre så det er sagt.)

Eg skal nok få unna mine 30 i dag òg! Skal du? :)

søndag, april 12, 2015

Helgefrukost





No er vi komne så langt på våren at eg ofte ikkje kjem på å tenne lys på frukostbordet fordi det er for lyst ute. Men i helga hadde vi ein smårolling på overnatting som starta dagen litt før klokka seks, og då var det såpass skumt ute at lysa måtte tennast. Kos! Og kos med helgefrukost og god tid til å nyte både mat og kaffi. 

torsdag, april 09, 2015

Pusekattane våre



Gamlekatten vår, som vart snart 14 år, avgjekk dessverre ved døden i vinter. Det vart veldig tomt og rart etter Trultepusen, og vi var enige om at vi måtte skaffe oss nye kattar nokså snart. Kattar, i fleirtal, for denne gongen ville vi ha to. Det var ikkje akkurat høgsesong for kattungar, vinter som det var, men så dukka desse sjarmtrolla opp på Finn. Eit søskenpar på 5 månader måtte omplasserast grunna allergi, og vi var heldige og fekk ta imot dei. Det er ein hokatt og ein hann, og dei har fått dei velklingande namna Pepsi og Max. ;)

Sjølv om vi saknar gamlekatten, er det veldig kjekt å ha spretne kattungar i hus, fulle av liv og leven. Det er også artig å sjå kor stor glede dei to har av kvarandre; dei tøysar, slåst, og vaskar kvarandre. Fine, fine pusekattane!

onsdag, april 08, 2015

Kvitveis og anna nytt i stova




Kvart einaste år er det like kjekt når kvitveisen viser seg igjen. Årets første eksemplar måtte eg krype ned til ein liten bekk i skogen for å finne, men no blomstrar dei fint i hagen vår òg. Prøvar å passe på å plukke inn små bukettar medan dei står i blomst, for tida går så fort, og plutseleg er kvitveissesongen over.

Elles ser den observante lesar kanskje at vi har fått nye skap i stova vår? Skjenken som stor her før måtte vike plassen for eit par bokskap frå Ikea. Godt å få samla bøkene på ein stad! Då vi skulle bestille skapa, passa vi på å kjøpe ny lenestol med det same. Denne har stått på ønskelista ei stund, og eg er svært fornøgd med å ha fått den i hus. Så vart det reine bibliotekstemninga der borte i kråa. Rett triveleg!

God onsdagskveld til deg!

tirsdag, april 07, 2015

Kvardag

 


Det er rart med det; det er litt tungt å hale seg opp i gryotta når kvardagen melder seg etter ein god ferie. Eg startar imidlertid ikkje heilt på att før i morgon, ettersom eg har fridag i dag. Det var likevel ein smule kaotisk her i morgontimane, med skuleungar som skulle opp og ut gjennom dørene. Då var det godt å ha ein dag å få orden på huset igjen, og få seg ei god lufterunde i fjøra i fred og ro. Vi er nok snart i rute att.

mandag, april 06, 2015

2. påskedag


  


Long time no see. Etter ei lang, lang pause børstar eg støvet av bloggen min igjen. 
Eg startar friskt med bilete frå den fine fjøreturen vi hadde i dag, 2. påskedag. Véret har vore midt sagt variabelt denne påska, så også i dag. I formiddag var det fint og vårleg ute, og no er det grått og vått igjen. Men med dagens tur unnagjort, krøllar eg meg saman i sofaen med godt samvit, og nyt siste rest av ferien.