fredag, juni 26, 2015

På hjul


Når vegane er bare, brukar eg ofte sykkelen min når eg skal eit ærend på butikken, eller berre ta ein luftetur. Det å sykle vart 1000 gonger kjekkare då kjøpte meg skikkeleg damesykkel for 7 år sidan (hjelp, som tida går!). Sidan har eg oppgradert sykkelen min med diverse deler og utstyr som gjer at den passar meg enda betre. 

Det første eg bytta ut, var sykkelstyret. På ebay spora eg opp eit som svingar meir bakover, slik at eg får ei meir oppreist sitjestilling. Bra for den kranglete ryggen min! 
Setet som var på sykkelen, var forsåvidt heilt greit, men då eg oppdaga dei nydelege skinnseta frå Brooks, var eg solgt! Eg enda opp med dette i fargen "honey". SÅ fint! 
Sykkelkorg både framme og bak gir bra oppbevaringsplass. Sykkelbjelle er også viktig, mi er av det gamaldagse slaget som kan skremme vitet av folk dersom eg ikkje er forsiktig, hehe.
Lykta er også kjøpt på ebay. Skulle gjerne hatt dynamolykt, men ettersom det er litt styrete å installere, vart det ei som liknar, men som går på batteri. Det er imidlertid ikkje fantastisk lys av denne, så eg supplerer gjerne med ei ekstra ledlykt på styret når det trengst.

Alt i alt er eg blitt svært fornøgd med "brelett-sykkelen" min. 

2 kommentarer:

  1. Kjempefin!
    Kanskje eg skal tørke "støv" av min? ;-)

    God helg! Nyt sola :-D

    SvarSlett
  2. En flott sykkel
    God tur og en velsignet god sommer til deg :)

    SvarSlett