mandag, april 13, 2015

"Uansett hvor sakte du løper,
knuser du dem som ligger på sofaen!"


Dette sitatet, som eg har plassert lett synleg på kjøkkenet vårt, kom eg over på "Dine30". Det er ei facebookside der mellom anna Helsedirektoratet vil inspirere til å bevege oss minst 30 minutt kvar dag. Det er ikkje alltid eg har så lyst å trene. Men å kome seg ut i skogen eller fjøra og gå ein rask tur eller trene litt styrke på stovegolvet, er overkomeleg og gjer eigentleg utruleg godt. Og så er det ei god investering i helsa. 

I den samanhelg må eg tipse om boka til Helene Sandvik, programleiar i Puls på NRK. Boka heiter 5-10-15, og inspirerte i alle fall meg til å snike inn effektiv trening i små porsjonar gjennom dagen. (Eg er ikkje sponsa, berre så det er sagt.)

Eg skal nok få unna mine 30 i dag òg! Skal du? :)

3 kommentarer:

  1. Så flott du er tilbake med dine nydelege bileter og gode ord. Dette er min absolutte favoritblog!

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du er tilbake med dine nydelige bileter og fine kommentarar! Dette er min favorittblogg!! Alltid like inspirerande å kikke innom her!

    SvarSlett