mandag, juli 28, 2014

Vaffeldag?



Vi har hatt ein utruleg fin sommar så langt, med sol, sol, sol dag etter dag. No ser det ut til at det er slutt i denne omgong. I dag er det grått og vått der ute, men faktisk er det litt godt det òg. Eg trur ettermiddagen ropar på vafler. Vafler er no godt i alt slags vér, men kanskje særleg når regnet silar ned utfor vindauga. Ja. Vafler må det bli!

søndag, juli 27, 2014

Sommarbyge



  







søndag, juli 20, 2014

Kreta 2014










I år gjekk ferieturen vår til Kreta. Vi hadde ikkje vore i syden som familie før, og var litt usikre på kor det var lurt å reise, men Kreta viste seg å vere eit godt val for oss! Vi budde på Stellina Village i Agii Apostoli, ca. 15 minutt med buss frå Chania. Der hadde vi det som "plommen i egget" i leilegheita vår, med stor balkong og utsikt til basseng, taverna og leikeplass. Vi hadde fleire basseng å velge mellom på hotellområdet, og når vi vart lei av klorvatn, var det berre eit par minutt å spasere ned til ei flott sandstrand med lunka middelhavsvatn. Ettersom avstanden var så kort inn til Chania, var vi fleire gonger i byen og rusla i dei sjarmerande gatene i gamlebyen, såg på folkelivet i hamna og åt god mat på restaurant. 

Det var utruleg godt med to veker der vi berre kunne slappe av, bade, lese bøker, ete is, (...ete litt meir is), eigentleg berre vere og vere ilag.

Heldigvis er det meir att av ferien her heime i Noreg. Vi får passe på å nyte det, òg.

lørdag, juli 19, 2014


Nesten sunt...


Eg kom over oppskrift på denne godtbiten for litt sidan: Snacks av banan, peanøttsmør og sjokolade. Det måtte eg berre prøve å lage, og eg vart ikkje skuffa! Enkelt å lage, knallgodt, og nesten sunt...

fredag, juli 18, 2014

Gresk yoghurt






I år gjekk ferieturen vår til Kreta. Noko av det eg kosa meg med å ete til frukost der, var gresk yoghurt med frukt, valnøtter og kretisk timianhonning. Syrleg, søtt, fløyelsmjukt og crunchy på ein og same gong. Nam! Eg kjøpte ein del honning å ta med heim, blant anna på markedet i Chania, og no nyt eg herlegheita her heime også. 

torsdag, juli 17, 2014

Før regnet












Eg tok kameraet med på ei ettermiddagsrunde i hagen vår rett før regnet kom.