mandag, november 11, 2013

Naturstudie



Etter å ha studert fuglepuslespelet og "Norges dyr og planter", meiner vi bestemt at det må ha vore ein flokk sidensvans som tok pause på straumledningane vi ser frå kjøkkenvindauget.

søndag, november 10, 2013

Stille søndag


I dag er ein slik god, stille søndag uten dei store planane. Nysnøen ligg langt ned i fjellsidene, inne er det varmt og triveleg med pledd i sofaen og tende lys. Farsdagsfrukosten er unnagjort, og eg sit og spekulerer på om eg kanskje skal ta ein tur i skogen og samle litt mose, greiner og kongler utpå dagen. 
Men akkurat no er det godt å berre ta det heilt med ro ei stund. 

God søndag!

torsdag, november 07, 2013

Lady Marple




I fjor kom eg over ein del ullgarn på loppemarked, og kjøpte med meg fleire spolar for ein slikk og ingenting. Denne jakka er eit resultat av røvarkjøpet mitt. Jakka heiter Lady Marple, og det er eit av dei mest vellukka strikkeplagga eg har laga til meg sjølv. Passforma er perfekt, og garnet, som var litt stivt i utgangspunktet, har vorte mjukt og godt etter vask og nokre vekers bruk. Denne blir eg nøydd å strikke fleire av!

Jakka vart forresten av det billege slaget, rekna i kroner og øre. Garnet som gjekk med har kosta meg i underkant av 5 kroner! 

Ravelry-link til jakka mi her.

tirsdag, november 05, 2013

Lys




I oktober var vi ein tur til Bergen. Trass mykje trakking i butikkar vart det eigentleg ikkje handla så mykje til hus og heim, men eg kjøpte denne lille prikkete saken. Eigentleg er det visst ei sukkerskål, men eg synest den fungerer minst like fint som lyshaldar. Og jammen trengst det litt ekstra lys i mørke novemberettermiddagar!

For den som eventuelt måtte lure, så er skåla av merket Anne Black.
Morgonkaffi


God morgon! Det har vore kjekt å vere tilbake i bloggen min, og veldig koseleg å høyre frå dykk i kommentarfeltet! 

Eg startar dagen med ein kopp kaffi og litt bloggsurfing  - og strikketøyet i fanget. Kaffien smakar ekstra godt i dag, etter ei litt kort natt med pleie av sjukt barn. No ser "pasienten" teiknefilm, og eg nyt den lille pausa for det den er verd! ;)

Ynskjer deg ein god tysdag!

søndag, november 03, 2013

Sommarminne


Vi hadde to herlege veker i Danmark i sommar, og med meg heim i bilen hadde eg ein pelargoniastikling i ein plastpose. Vel heime vart den planta, stelt og passa etter alle kunstens reglar, og for ikkje mange dagane sidan slo den endeleg ut i blomst.
Ein levande souvenir frå ferien 2013.

fredag, november 01, 2013

November



Sola gløtta inn på frukostbordet vårt den 1. november. Berre ein månad til advent! 
Eg har, tradisjonen tru, smakt på kanelkaffien og kjøpt eit juleinspirasjonsblad eller to. No vil eg bruke november til å planlegge og gjere unna ein del innkjøp, slik at det vert mindre stress i desember. I alle fall er det planen. 
Å, eg likar tida vi har framfor oss!

torsdag, oktober 31, 2013

Snart eit år sidan sist...



...og eg prøver å snuse litt på bloggen min igjen.