Fanagenser complete!
Fanagenseren eg starta på tidlegare i haust har vore ferdig eit par veker, og i dag fekk eg endeleg tatt bilete av den. Eg er veldig glad i fanamønsteret og har to fanakofter frå før, ei lys grå/kvit og ei brun/kvit. No vart det koksgrå/kvit genserversjon. Mønsteret er frå Husfliden og er nokre år gamalt, i typisk stor og bomsete utgåve. Eg la difor opp maskeantalet til størrelsen mindre enn det eg brukar til vanleg, og forlenga bol og armar nokre cm for å få ein smalare modell. Endå vart den litt vid, men den kjem til å verte godt brukt likevel. Halsavslutninga gjorde eg også ei endring på. Eigentleg skulle det vere rund hals med vrangbord, men eg strikka båthals med eit belegg på innsida i staden.
Garnet eg brukte var nytt for meg; Mitu frå Rauma, som består av 50/50 ull/alpakka. Det er nydeleg mjukt, og så langt er eg i alle fall godt fornøgd med det.
Genseren vart innvia tidlegare denne veka, på haustferietur i Trondheim. Ettersom det var nokså kaldt og vått i véret, var det godt å ha ein lun ullgenser å pakke seg inn i for å halde varmen.
Link til fanagenseren min på Ravelry finn du her.