Loppestrikk
For nokre veker sidan passerte vi tilfeldigvis Steinerskolen sitt loppemarked, og tok turen innom. Eg vart mildt sagt i fyr og flamme då eg oppdaga nokre kasser som inneheldt spolar med ullgarn. Eg raska med meg fleire kilo garn til den nette sum av 50 kroner. Garnet kan samanliknast med Askeladden sitt totråds ullgarn, som er fint å strikke med både med enkel og dobbel tråd.
No har eg funne fram fargane på biletet over, og har starta på ein genser til minstemann, inspirert av rullegenseren frå "Strikk til nøstebarn". Petrol, varmgul, mosegrøn og koksgrå striper - kjekt hauststrikk!












