Overrasking
For nokre dagar sidan var vi innom Husfliden, der eg skulle kjøpe garn til nytt strikketøy. På veg gjennom butikken kunne eg naturligvis ikkje la vere å stoppe for å beundre fine koppar og fat frå Marimekko. Eg stod og heldt på koppen på biletet, men skrapa saman nok viljestyrke til å gå frå den. Eg manglar trass alt eigentleg ikkje koppar å drikke av, og enkelte her heime har vel nevnt at eg kanskje skulle hatt "koppevaksine"?! Men jammen var den fin, koppen!
Dagen etter skulle eg rydde på plass ein vase på øvste hylle heime i kjøkkenskapet, og heldt nesten på å sleppe vasen i golvet. I skapet stod nemleg koppen eg hadde latt vere å kjøpe!! Snille husbonden hadde lurt seg innom Husfliden etter at vi gjekk der frå og kjøpte den som presang til meg. For ei finfin overrasking!
Tusen takk, kjære husbond! :)












