måndag, juni 18, 2012

Instagram





Plutseleg var eg hekta på Instagram, eg òg! Knallkjekt!! Eg har ikkje verdens beste telefonkamera, dessverre, men det er artig å "strekke seg" litt og prøve å få så gode bilete som mogeleg likevel. 


Vil du leite meg opp på Instagram, så er brukarnamnet mitt _haust_ . (Pass på å få med strekane før og etter haust, ellers kjem du til ein annan brukar som kallar seg haust.)


Ha ei god veke!

fredag, juni 15, 2012

God helg!



onsdag, juni 13, 2012

Mellommåltid




Det er mykje spanande og eksotisk mat få no til dags, men eit godt, gamaldags havrekjeks med brunost er no ikkje å forakte det heller.  :)

måndag, juni 11, 2012

Lattetid



Ein pose ferskbrende espressobønner frå Chocolatte. Nam!

søndag, juni 10, 2012

Det lavar ned...


Det er heldigvis kronblad som lavar ned i dette tilfellet, og ikkje snø! ;) 

Grøftekantblomstrane på bordet er på hell, og det vert nokså ruskete rundt dei. Vakkert er det likevel, så dei får stå litt til.

God søndagskveld til deg!

fredag, juni 08, 2012

Nytt i butikken







I det siste har eg sydd litt nytt til Epla-butikken min, mellom anna vimpelrekka og pungane du ser på desse bileta. Har du lyst til å ta ein titt innom Haust på Epla, finn du meg her.

Ynskjer du oppdatering når det er noko nytt i butikken min, kan du fylgje Haust på facebook eller twitter.

Velkomen innom! :)

torsdag, juni 07, 2012

I varmen



Ja! Sommaren er her igjen! Nydeleg var det, å vakne til sol og blå himmel i dag. Vi nytta sommarvéret til å ta ein piknik i fjøra. Heilskjønt!

Då eg skulle skjere opp vannmelonen eg skulle ha med på tur, oppdaga eg det fine mønsteret i den. Vakkert, ikkje sant?

onsdag, juni 06, 2012

Take a break...


måndag, juni 04, 2012

Pastell


Lys rosa Rhododendron på bordet vårt i dag. 

søndag, juni 03, 2012

Slaraffenliv


Søndag. Fridag. Pøsregn. Innekos.

Håper søndagen din er god!