søndag, mai 20, 2012

Resirkulering


Det er lite nytt i bloggen min om dagen, ettersom PC'en min er ute i verda for å bli reparert. Håper han snart kjem heim, frisk og rask! I mangel på nye bilete resirkulerer eg dette biletet frå sist sommar, då rosene stod i full blomst i hagen - og på spisebordet vårt. Det er ikkje så lenge til dei blomstrar igjen no! Gler meg!

Ha ei god veke!

søndag, mai 13, 2012

Søndagskveldsmat


Scones med Philadelphiaost og solbærsyltetøy. Mmm... 

No er kveldsmaten fortært, og eg vil sjå oppatt ein av dei finaste "flash mob"-filmane eg har sett. Du finn han her.

søndag, mai 06, 2012

Litt sunnare muffins...


I går hadde vi ein rest havregraut til overs, og eg kom på at eg skulle prøve å lage Soulemama sine "Oatmeal leftover muffins" til ettermiddagskaffien. Eg brukte litt mindre bakepulver enn det som stod i oppskrifta, og tilsette bringebær frå frysaren og litt hakka sjokolade. Resultatet vart godkjent av både små og store, så desse kjem eg nok til å lage igjen.  

Oppskrifta finn du eit stykke nede i dette innlegget.

laurdag, mai 05, 2012

Nytt møter gamalt




"I love you more with each beat of my heart!"

Eit nytt trykk med lekkert chevron-mønster (kjøpt på Etsy) får vise seg fram på det gamle TV-skapet vårt. TV-skapet stod i kjellaren då vi flytta hit, og har sannsynlegvis vore brukt til oppbevaring av saft og syltetøy. 
Nytt og gamalt i fin mix - likar det!

Dette er mitt bidrag i maiutfordringa hos NIB.

torsdag, mai 03, 2012

Ferdig kjøkken!


I påska annonserte eg i bloggen min at ei lita oppgradering var på gang i kjøkkenet. No er vi alså ferdige. Det kan hende de vert skuffa over at oppussinga vår synest så lite, for det er ikkje dei heilt store og revolusjonerande forandringane vi har gjort. Likevel var det ein del arbeid med det, og eg er strålande fornøgd med resultatet!

Vi hadde lenge tenkt at flisene på begge sider av kjøkkenet skulle skiftast, ettersom vi midlertidig berre hadde kvitmåla dei eksisterande (mørkebrune!) flisene då vi kjøpte huset. Flisene dekte dessutan ikkje veggen bak komfyren, noko som var svært upraktisk. No har vi fått lettstelte kvite, blanke flis (10 x 10) over alle benkane. 


Benkeplatene har vi også skifta ut. Brun laminat gjekk ut, inn kom olja eik. Og når vi først var igang med å pirke borti flater både her og der, vart det til at heile kjøkkenet vart måla opp att. Frå tak til golv. Eg er så glad vi fekk gjort det, for malinga hadde gulna veldig sidan sist vi måla!





Elles er ting og tang i hyller og på veggane stort sett det same som før, borsett frå biletet bak espressomaskina, som endeleg har fått kome i glass og rame. Det er dette trykket av Paula Mills, som eg synest er nydeleg!

Jah! Det var altså kjøkkenet vårt i nypussa utgåve. 
Dersom nokon skulle lure på fargane vi har brukt, så er det "Egghvit" på tak, vegger, lister og innredning, og "Tåke" (Butinox sin) på golvet.