søndag, april 29, 2012

Helgekaffe


Det er stor stas når eg får til å lage rosetta i latten! Den er ikkje perfekt, men like fullt: stas!

Gode råd om korleis ein lagar kunst i kaffikoppen finn du til dømes her og her.

laurdag, april 28, 2012

Leselyst




Etter at eg fekk meg eit Kindle lesebrett til gebursdagen min i haust, har eg stort sett lese bøkene mine på dette. Mange bøker! Eg trivst svært godt med lesebrettet mitt, men innimellom er det kjekt å lese på papir òg. No er det "Kammerpiken" av Cecilie Enger frå biblioteket som ligg lett tilgjengeleg, slik at eg kan lese eit kapittel eller to når ei ledig tidslomme dukkar opp.

Har du ei god bok å anbefale?

fredag, april 20, 2012

Der...


...gjekk dei siste kanelsnurrane frå frysaren. Trur eg må bake nye nokså snart.

Finfin kanelknuteoppskrift fann eg her, og eg kan også gjerne anbefale kanel- og sjokoladesnurrane.
Visst er det godt med vår!






Gode ting i dag: 
- sol som varmar nok til at ein kan sitje ute utan å fryse
- feite, fine knoppar på alle busker og tre
- lubne krokus og sarte kvitveis
- ungar som leikar ute i timesvis og blir svette og slitne
- varm kaffi i koppen og ein skillingsbolle
- eit kjøkken som snart, snart er ferdigoppussa!

Ynskjer deg ein fin fredagskveld!

søndag, april 15, 2012

Akk ja...


Det er rot og kaos på kjøkkenet (...og i stova, ettersom alt som høyrer til på kjøkkenet er flytta dit ut) for tida. Flis og benkeplater er no skifta ut, og i går starta vi på maling av vegger, tak og innredning. Eg var mildt sagt forundra over kor mykje det faktisk hadde gulna på dei ni åra som er gått sidan vi kjøpte huset vårt! No blir det friskt og kvitt att. 

I dag får malingsrullene kvile medan første strøk får tørke skikkeleg, og vi skal nyte søndagen i sola. 

God søndag! :)

fredag, april 13, 2012

Restedessert


Ein av dagane denne veka laga eg ein dessert som er ein av favorittane mine, men som eg sjeldan kjem på å lage; appelsinris. No var det så lenge sidan sist eg hadde laga det at ungane faktisk aldri hadde smakt det. 

Desserten er laga av appelsinbitar blanda med kokt langkorna ris (finfint å bruke ein rest kokt ris etter middagen) og litt sukker, og blir servert med ein kremklatt til. (Eg veit at mange oppskrifter seier at alt skal blandast i ei skål, men eg synest det vert litt meir delikat når kremen blir servert ved sidan av, evt. lagvis med appelsinene/risen.)

Nam! 

tysdag, april 10, 2012

God morgon!


måndag, april 09, 2012

Påske








Eg har hatt ei fin og variert påske: heime og på besøk, til fjells og i fjøra. Med eit utvalg bilete frå påska mi og Owl City sin versjon av denne songen, vil eg ynskje deg ein god andre påskedag!

onsdag, april 04, 2012

Ei lita oppgradering i kjøkkenavdelinga


Oppussing pågår! :)

måndag, april 02, 2012

Winter wonderland???


Istappar frå takskjegget, snøføyke og måking...var ikkje heilt slik eg hadde sett for meg påskevéret, men vi får ta det med godt humør. 

Eg burde kanskje nytte høvet til å prøve nyskia mine før våren kjem for alvor? Skal i alle fall få gjort unna nokre ærend i dag, og etterpå synest eg véret er grunn god nok til å krølle seg saman i sofaen med ei bok og litt påskegodis!