laurdag, mars 31, 2012

Påskeferiestart




Så er påskeferien i gang. Snøen lavar ned ute, men innandørs er det vårstemning med gule påskeliljer og eit bjørkeris fullt av påskeegg. Nokre av egga er nye av året, andre har eg plukka fram att frå tidlegare år. 

Vi skal ha barnebursdag her i dag, så eg må visst sjå å få avslutta kaffipausa mi og gjere ferdig peanøttkaka jubilanten har bestilt. ;)

God laurdag til deg!

måndag, mars 26, 2012

Simplicity, work and enjoyment




Eg har snubla over ein inspirerande liten filmsnutt igjen, denne gongen hos A butterfly in my hair. Filmen handlar om 95 år gamle Maia, som er Russisk ballettdanser, og kva ho meiner er nøkkelen til eit langt liv. Nydeleg!

søndag, mars 25, 2012

Svampebåt


Eg og Minsten hadde oss ei ykt med båtbygging her eine dagen, inspirert av ei hobbybok for barn. Eg minnest å ha sett liknande før. :)

laurdag, mars 24, 2012

Ein god start


Blomstrande påskeliljer, varm kaffi og ein solstråle som bryt gjennom skydekket og stikk inn i stova til meg - kan ein ynskje seg meir ein laurdag formiddag i mars? 

Eg ladar opp til litt shopping. Kanskje kan eg finne meg nye ski på sal? Det spørst om det byrjar å bli litt vel utplukka for sesongen, men ein kan jo vere heldig...!  

Håper laurdagen din vert god!

fredag, mars 23, 2012

Grytebrød - inspirasjon


Må berre dele ein nyoppdaga liten filmsnutt med dykk. Framgangsmåten er litt annleis og meir omfattande enn den eg brukar , men inspirerande og vakkert er det!

Filmen finn du her.

torsdag, mars 22, 2012

Pannekaketorsdag



Det skal lagast påskepynt av eggeskal på skulen, og då vart det pannekaker til middag i dag. Det er i alle fall aldri nokon som protesterer når det står pannekaker på menyen her i huset! 

Denne gongen prøvde eg meg på ei ny oppskrift, "Av-min-arm-de-er-gode-pandekager" frå Spilopper & sjerneskud. Absolutt godkjent!

onsdag, mars 21, 2012

Gråvérsdag


Skodda heng langt ned i fjella, og regnet silar. I dag kjende eg at det var absolutt heilt nødvendig å tenne nokre stearinlys. Eg får nesten hauststemning her eg sit, men dersom eg kikar ut gjennom vindauga, kan eg sjå både gåsungar og krokus. Det er faktisk vår! Trur eg må få nokre av gåsungane inn på bordet mitt i dag. Og så får vi berre håpe at vårsola viser seg snart.

God onsdag!

tysdag, mars 13, 2012

...og på pianoet...




Det er ikkje berre på bordet du finn bøker hos oss, dei ligg i stablar både i hyller, på krakkar og stolar, og sjølvsagt på pianoet. 

Eit nytt bilete har det også blitt til musikkhjørnet vårt. Eg skreiv ut eit bibelvers og monterte det i ei ramme frå Åhléns. Enkelt og fint, og gode ord å omgje seg med og lære utanat.

torsdag, mars 08, 2012

På bordet...



På bordet stovebordet vårt ligg det stort sett alltid ei eller fleire bøker. Boka som ligg der no om dagen er Spilopper og stjerneskud, som eg fekk til jul av boknissen (...kven no det kan vere...hehe). Boka er ei skattkiste av oppskrifter, kreative idéar og inspirasjon til kvardag og fest, og er ei slik bok som eg stadig tar fram og finn noko nytt i. No når våren er i anmarsj, blar eg litt ekstra i kapittelet som omhandlar "forår" og påske, og eg blir verkeleg inspirert! Danske Sif Orellana, som har skrive boka, har gitt ut fleire bøker tidlegare. Eg likar alle saman, men eg trur dette er favoritten. 
Ei prima "coffee table book". 

Kva slags lesestoff har du på bordet ditt i dag? :)

måndag, mars 05, 2012

Eltefritt brød




Har du baka eltefritt brød nokon gong? Makan til godt brød skal ein leite lenge etter! Og det er fantastisk enkelt å lage! Dei siste vekene er det slikt brød det har gått i her heime. Eg rører saman ei deig om kvelden, og steiker brødet i jergryte (med lokk) dagen etter. Brødet blir saftig og mjukt i midten, med knasande sprø skorpe. Mmm...

Eg har hovudsakeleg brukt denne oppskrifta, og av og til slenger eg i litt kornblanding, frø og/eller nøtter. Her er ein anna blogg med ulike variantar eltefritt brød, og forfattaren av denne bloggen har laga ein glimrande filmsnutt som viser grunnprinsippa for baking av eltefritt brød. 

Anbefalast på det varmaste!
Vekestart




Eg og Minsten starta veka med brødbakst, kortspel og sykkeltur på butikken i vårsola. På butikken lokka blomsteravdelinga med knasande ferske tulipanar, så ein bunt av desse vart med heimatt i sekken. Ein god start på veka, det!

fredag, mars 02, 2012


 Fredagsunderhaldning


Eg lar meg fascinere av nymotens vasskunst frå Osaka.
Ein slik vegg skulle vi hatt i stova! 
Då kunne vi parkert TV'en! ;)

God fredag!

torsdag, mars 01, 2012



1. mars...




...og snøklokkene som stod så fint i blomsterbedet vårt snør ned att. Men det er vel slik det skal vere. Eg har varm kaffe på kanna og ferske interiørblad på bordet, så eg klagar ikkje.

Edit: No regnar det igjen. Som sagt: det er vel slik det skal vere i mars. ;)