tysdag, desember 11, 2012

Kaldt og myrkt og lite sol




Kaldt og myrkt og lite sol,
soleis er det fram mot jol.
Snø og is all jordi gøymer,
allting ligg i lengt og drøymer.

Barnet spør kor langt det lid
enno fram mot joletid.
Mor so mangt har med å fara,
likevel ho støtt lyt svara.

Verda fekk ein liten gjest,
difor held me barnefest.
Bror og syster høgt må kveda
saman om den store gleda.

Fattig barn til verda kom,
barnet vende verda om.
Under stort, ja utan like,
det er Jesus og hans rike.

Han som kom, seg sjølv oss gav,
fekk ei krubbe og ei grav.
No me vil gledeståre
gje han rom i hjarto våre.

L.F. Hov

Ein vakker, gamal julesong - som var ny for meg. Herborg Kråkevik har den med på den nye juleplata si, som eg forøvrig anbefaler på det varmaste. 

Du kan høyre denne julesongen på Spotify.

5 kommentarer:

  1. For en utrolig fin stuekrok! Jeg vil bare sette meg ned med tekoppen, jeg. Så koselig du har det!

    SvarSlett
  2. Den songen er eg vaksen opp med, passar godt her i Hakkadalen uten sol heile vinteren :D

    Klem!

    SvarSlett
  3. Nydeleg!
    Takk at du deler :-)

    Takk for sist!

    Adventsklem

    SvarSlett
  4. Hei. Så fin blogg du har, her var det mye fin inspirasjon. :) hvor er de rullegardinene dine fra
    . De var veldig fine!!

    SvarSlett
  5. Ane: Gardinene har eg laga sjølv. :)

    SvarSlett