Fanagenser complete!
Fanagenseren eg starta på tidlegare i haust har vore ferdig eit par veker, og i dag fekk eg endeleg tatt bilete av den. Eg er veldig glad i fanamønsteret og har to fanakofter frå før, ei lys grå/kvit og ei brun/kvit. No vart det koksgrå/kvit genserversjon. Mønsteret er frå Husfliden og er nokre år gamalt, i typisk stor og bomsete utgåve. Eg la difor opp maskeantalet til størrelsen mindre enn det eg brukar til vanleg, og forlenga bol og armar nokre cm for å få ein smalare modell. Endå vart den litt vid, men den kjem til å verte godt brukt likevel. Halsavslutninga gjorde eg også ei endring på. Eigentleg skulle det vere rund hals med vrangbord, men eg strikka båthals med eit belegg på innsida i staden.
Garnet eg brukte var nytt for meg; Mitu frå Rauma, som består av 50/50 ull/alpakka. Det er nydeleg mjukt, og så langt er eg i alle fall godt fornøgd med det.
Genseren vart innvia tidlegare denne veka, på haustferietur i Trondheim. Ettersom det var nokså kaldt og vått i véret, var det godt å ha ein lun ullgenser å pakke seg inn i for å halde varmen.
Link til fanagenseren min på Ravelry finn du her.

Så utruleg fin! Likte fargane :) Det er rart kor voldsomt breie og korte ting skulle vere for nokre år sidan... Brått ein dag kjem det vel attende... ;) Eg hugsar eg hadde ikkje ein einaste genser som ikkje hadde skuldrane nede på albogane... Fin helg til deg!
SvarSlettDen ble flott! Finere i smalere versjon syns jeg og, men det gjør ikke noe med litt vidde- bare deilig å hive den på seg da. God helg til deg!
SvarSlettHvor er den bare utrolig smuk! Det er så flot når mønsteret træder frem i det lyse og mørke garn. Jeg holder utrolig meget af de nordiske mønstre og drømmer om at strikke en i nordisk stil til mig selv en dag.
SvarSlettDenne sweater bliver du garanteret rigtig glad for at bruge. :))
Hav en dejlig weekend. :)
Hvor er den fin. Flotte mønstre, flot arbejde.
SvarSlettStor hilsen fra Marthe
Så flink du er!
SvarSlettMen det veit eg ;-)
God helg!
Nyt SOLA!!!!
Fanagenseren er utrolig flott. Selv har jeg en jakke i brunt/hvitt som mamma strikket til meg for noen år siden:)
SvarSlettEt nydelig eksemplar du har strikket!
God helg!
Klem
Nydelig genser!
SvarSlettGod helg Ü
Så flink du er med strikkepinnene! Elsker denne ganeseren:)
SvarSlettSå utrolig fin genser! Skulle så gjerne ønske jeg mestret dette handverket, men det ser innmari vanskelig ut for en som bare har strikket seg skjerf ;-) Flott bilde med deilig stemning! Ha en fortsatt fin helg. Klem
SvarSlettSå fin den er, flink! :)
SvarSlettKjempefin genser! Drømmer om å strikke noe lignende selv:-) Dette var god inspirasjon. Videre god høst!
SvarSlett