laurdag, september 29, 2012

Loppestrikk


For nokre veker sidan passerte vi tilfeldigvis Steinerskolen sitt loppemarked, og tok turen innom. Eg vart mildt sagt i fyr og flamme då eg oppdaga nokre kasser som inneheldt spolar med ullgarn. Eg raska med meg fleire kilo garn til den nette sum av 50 kroner. Garnet kan samanliknast med Askeladden sitt totråds ullgarn, som er fint å strikke med både med enkel og dobbel tråd. 

No har eg funne fram fargane på biletet over, og har starta på ein genser til minstemann, inspirert av rullegenseren frå "Strikk til nøstebarn". Petrol, varmgul, mosegrøn og koksgrå striper - kjekt hauststrikk!

6 kommentarer:

  1. Kjekt! Det var vi som arrangerte loppemarkedet:)

    SvarSlett
  2. wondrful green color
    enjoy your weekend

    SvarSlett
  3. Gleder meg til å se genseren:)

    SvarSlett
  4. Fina färger och ett bra loppis fynd. Ha en bra kväll./Anna

    SvarSlett
  5. For et kupp!! Nydelige frager - kommer til å bli en skjønn genser :)

    SvarSlett
  6. Spreke, flotte fargar! Ut frå spolene og tunnheta i garnet liknar det på 2-tråds kamgarn frå Hillesvåg uldvarefabrikk. Litt tunnare enn Nøstebarn sitt to-tråds, men nydeleg å strikke i. Eg har strikka dåpskjole til ein av ungane i dette garnet, med dobbel tråd. Lukke til, kos deg med fargane!! Sjekk evt ull.no for mer info om garnet.

    SvarSlett