søndag, august 26, 2012

Haust!


Eg har landa heime i godstolen etter å ha tilbragt søndag ettermiddag ute ved havet. Der ute i fjøresteinane og inne blant trea i skogen kjende eg første streif av hausten i år. Det lukta rått og godt av mold, mose og lyng, og lufta var skarpare enn tidlegare i sommar sjølv om sola kom og helsa på. Eg synest det er godt. Sjølv om dei andre årstidene er fine på sine måtar, er hausten min favoritt! 

I skogen plukka eg med meg ein bukett lyng som får pynte bordet vårt når vi startar på ei ny veke.
Håper veka di vert god!

6 kommentarer:

  1. Sikkert flott ute med havet i dag :-)
    Hausten er flott den, men våren er meir mi tid ;-) Alle årstider har sin eigen sjarm!

    Fin veke til deg og dine!!

    SvarSlett
  2. Ja Haust, haust er så rik ei årstid!

    Klem!

    SvarSlett
  3. Har bestandig elska høsten...... <3
    http://open.spotify.com/track/66NDspLBCbbcQnU5oZFCZg

    Alltid så koselig å kikke inn her hos deg.

    SvarSlett
  4. god veke til deg og , hausten og lyngen er så fint synst eg :)

    henriette

    SvarSlett
  5. Para mi el otoño es también la estación favorita, la luz, los colores, es acogedora. Saludos.

    SvarSlett
  6. Lyng er flott. Var på fjellet i går, men det var omtrent ikke lyng å se der vi var.
    Kjørte forbi litt, men da passa det ikke å stoppe.
    Det var skikkelig kaldt på fjellet, så høsten er rett rundt hjørnet det er helt sikkert.
    Ha ei herlig uke :)

    SvarSlett