torsdag, mai 03, 2012

Ferdig kjøkken!


I påska annonserte eg i bloggen min at ei lita oppgradering var på gang i kjøkkenet. No er vi alså ferdige. Det kan hende de vert skuffa over at oppussinga vår synest så lite, for det er ikkje dei heilt store og revolusjonerande forandringane vi har gjort. Likevel var det ein del arbeid med det, og eg er strålande fornøgd med resultatet!

Vi hadde lenge tenkt at flisene på begge sider av kjøkkenet skulle skiftast, ettersom vi midlertidig berre hadde kvitmåla dei eksisterande (mørkebrune!) flisene då vi kjøpte huset. Flisene dekte dessutan ikkje veggen bak komfyren, noko som var svært upraktisk. No har vi fått lettstelte kvite, blanke flis (10 x 10) over alle benkane. 


Benkeplatene har vi også skifta ut. Brun laminat gjekk ut, inn kom olja eik. Og når vi først var igang med å pirke borti flater både her og der, vart det til at heile kjøkkenet vart måla opp att. Frå tak til golv. Eg er så glad vi fekk gjort det, for malinga hadde gulna veldig sidan sist vi måla!





Elles er ting og tang i hyller og på veggane stort sett det same som før, borsett frå biletet bak espressomaskina, som endeleg har fått kome i glass og rame. Det er dette trykket av Paula Mills, som eg synest er nydeleg!

Jah! Det var altså kjøkkenet vårt i nypussa utgåve. 
Dersom nokon skulle lure på fargane vi har brukt, så er det "Egghvit" på tak, vegger, lister og innredning, og "Tåke" (Butinox sin) på golvet.

24 kommentarer:

  1. Ååå!!
    Herlig lys kjøkken med fine pastell"duppeditter"!!
    Grattis med n y t t kjøkken frøken :)

    HUGS

    SvarSlett
  2. Så fint og lyst dere fikk det! Skjønner godt at du er fornøyd!!
    Det TAR jammen tid å male, altså, det kan jeg skrive under på! Vi malte også kjøkkenet fra gulv til tak; lys grå på gulv og hvitt på vegger og tak...

    Digger den espressomaskina deres altså! *Pittelitt misunnelig*

    Ha en fin kveld!
    :-)

    SvarSlett
  3. Så digg med nyoppusset kjøkken! Jeg synes det ble veldig lyst og fint! :)

    SvarSlett
  4. Kjempekoselig!! Det er så deilig med litt forandring:-). Ønsker deg en fin kveld på det nye, fine kjøkkenet

    SvarSlett
  5. Grå gulv er så utruleg flotte! Og lekkert saman med kvitt. Eg trur ikkje eg har lagt merke til kjøkkeninnreiinga dykkar før. Liker den KJEMPEGODT! Synest det er så kjekt når ein tek vare på gamle kjøken. :) Dei rommar ofte så mykje og er så praktiske. Og fine!

    SvarSlett
  6. Helt nydelig. Fik lyst til å sette meg ned og bare være der :) så fint!
    (og gratulerer med å endelig få gjort noe som dere har tenkt på en stund! Det er en bragd!)

    SvarSlett
  7. Kjempeflott blei det, og eg forstår godt at det har vore mykje arbeid! Flinke de er! Lyst og herleg!

    Klem

    SvarSlett
  8. Veldig hyggelig kjøkken:)

    Klem fra Bente.

    SvarSlett
  9. Dette vart kjempeflott!

    God helg :-)

    SvarSlett
  10. Så herlig kjøkken med masse fine detaljer:)

    SvarSlett
  11. Godt jobbet, blir veldig inspirert!

    SvarSlett
  12. Så fint! Kjøkkenskapene er utrolig fine Ü
    Veldig praktisk med glatte fliser, skulle gjerne hatt det over komfyren også, vi har det bare over oppvaskbenken...
    God helg Ü

    SvarSlett
  13. Virkelig etter min smak! Superlekkert:) Gratulere så mye og god helg!

    SvarSlett
  14. Heilt nydeleg, og ikkje minst inspirerande! Eg lurer på ein ting når det gjeld biletet bak espressomaskina. Har du bestilt det frå sida du har linka til? Og har du ramma det inn sjølv?

    SvarSlett
  15. Anonym: Ja, eg har bestilt biletet i etsybutikken til Paula Mills, og eg har sett det i ei ramme eg kjøpte på Ikea for mange år sidan. :)

    SvarSlett
  16. Veldig lekkert! Og veldig inspirerende! Vi har et traurig kjøkken (en grunn til at det aldri blogges, haha) som må vente til vi har pusset opp nede først.

    SvarSlett
  17. Jeg synes du har et nydelig kjøkken jeg! Liker spesielt godt d første bilde!! Fin helg :-) klem

    SvarSlett
  18. Superfint kjøkken!!!!
    :-)))

    SvarSlett
  19. knallfint kjøkken! så herlig med den hylla der oppunder vinduet! nydeligt:)
    La meg til som følger her jeg, likte meg her inne:)
    klem june:)

    SvarSlett
  20. Helt herlig kjøkken. Friskt :)

    SvarSlett
  21. Anonym3:45 p.m.

    Hei, igjen!
    No har også eg klikka heim eit bilete av Paula Mills! Det står at sjølve kunsttrykket er 18 X 18 cm på eit A4-ark med "A white border will be left for framing". Eg forstår ikkje heilt om denne kvite kanten kjem i tillegg til A4-arket. Hugsar du om du hadde eit ekstra paspatur i tillegg til det som var i ramma frå Ikea? Reknar med du har den ramma på 30 X 40 cm, og der står det på nettsidene at innermåla (innanfor paspaturet) er på 29 X 39 cm. Og det er jo tørre enn eit A4-ark..

    Marie:)

    SvarSlett
  22. Marie:
    Eg har ikkje målt, men trur det var A4 storleik utan noko tillegg. Paspaturet mitt hadde uansett for stor opning (brukte opp att ei gamal Ikea-ramme + paspatur som hadde vore brukt til noko anna), så eg sette eit kvitt A3-ark i paspaturet, kutta til trykket slik at det hadde ein cm eller to kvit kant utanfor sjølve trykket, og så limte eg trykket på A3-arket med dobbeltsidig tape (slike lappar som brukast til å lime foto i album).
    Vart det forståeleg, tru?
    Ikkje fullt så proft som om eg hadde brukt eit paspatur som passa, men man tager hva man haver, og eg synest det fungerer heilt greit. :)

    SvarSlett
  23. Anonym6:39 p.m.

    Det var veldig lurt! Tusenn takk for tipset;)

    Fin søndagskveld til deg!

    Marie:)

    SvarSlett
  24. Anonym9:00 p.m.

    fy søren, for et koselig og fint kjøkken!

    SvarSlett