lørdag, april 28, 2012

Leselyst




Etter at eg fekk meg eit Kindle lesebrett til gebursdagen min i haust, har eg stort sett lese bøkene mine på dette. Mange bøker! Eg trivst svært godt med lesebrettet mitt, men innimellom er det kjekt å lese på papir òg. No er det "Kammerpiken" av Cecilie Enger frå biblioteket som ligg lett tilgjengeleg, slik at eg kan lese eit kapittel eller to når ei ledig tidslomme dukkar opp.

Har du ei god bok å anbefale?

5 kommentarer:

  1. Mange koselige innlegg i d siste:-) ønska deg ei god helg!

    SvarSlett
  2. Om du ikkje har lese "Krystallslottet" av Jeanette Walls, så vil eg verkeleg anbefale den! Sjølv om boka kan vere litt brutal med tanke på korleis syskenflokken i boka veks opp (USA, rundt 1950, trur eg), så er den full av små perler som handlar om å sjå det store i det små. Om å finne glede og lukke der ein er og om ikkje å forvente at andre alltid skal ordne opp.

    Eg las boka sakte, streka under setningar med skildringar som brann seg fast i hjartet mitt og eg ville ikkje at den skulle ta slutt.

    Haugen Bok har den innbundne versjonen på tilbod til kr 149,- no. Dette er ei bok ein har lyst til å eige sjølv, for den kan nemleg lesast opp att maaange gongar....

    Ynskjer deg ein god laurdag! Det er er ikkje stort anna å finne på enn å lese bøker ein slik dag. Snøvèret lokkar meg ikkje ut, akkurat...

    Klem, ToveHD

    SvarSlett
  3. Hei!
    Så koselige og inspirerende innlegg du har!
    Nå er det forresten tid for mini-gave hos meg, trekning 27.mai!
    Ønsker deg en nydelig dag!
    Klem fra Snekkerfrue

    SvarSlett
  4. Lyset i det nederste bildet.... <3

    SvarSlett
  5. Vakre bilete!
    Blir mest fagstoff (diverre)
    Eg som elskar å lese...

    God helg klem i snøen

    SvarSlett