torsdag, desember 27, 2012

Romjul

tirsdag, desember 11, 2012

Kaldt og myrkt og lite sol




Kaldt og myrkt og lite sol,
soleis er det fram mot jol.
Snø og is all jordi gøymer,
allting ligg i lengt og drøymer.

Barnet spør kor langt det lid
enno fram mot joletid.
Mor so mangt har med å fara,
likevel ho støtt lyt svara.

Verda fekk ein liten gjest,
difor held me barnefest.
Bror og syster høgt må kveda
saman om den store gleda.

Fattig barn til verda kom,
barnet vende verda om.
Under stort, ja utan like,
det er Jesus og hans rike.

Han som kom, seg sjølv oss gav,
fekk ei krubbe og ei grav.
No me vil gledeståre
gje han rom i hjarto våre.

L.F. Hov

Ein vakker, gamal julesong - som var ny for meg. Herborg Kråkevik har den med på den nye juleplata si, som eg forøvrig anbefaler på det varmaste. 

Du kan høyre denne julesongen på Spotify.

lørdag, desember 01, 2012

Advent




Ja, så var vi så langt! I skrivande stund vaskar mannen stovevindauga, slik at adventsstjerna som heng der får ein litt meir presentabel bakgrunn. Det var elles nesten umogeleg å sjå gjennom dei, så skitne som dei var. No satsar eg på at dagens pepperkakebakst skal få førjulsstemninga til å kome sigande.

tirsdag, november 27, 2012

Kreativ morgon





I dag etter frukost kom minstemann på at han gjerne skulle ha pusla litt med papir og glitterlim. Det eine førte til det andre, og plutseleg sat vi der, eg og han, med bordet fullt av lim, saks, papir, paljettar, penslar, maling og meire til.

Vi har vore sjuke heile gjengen, og det er så godt å kjenne at lysta og energien til å gjere noko er tilbake! No håper eg vi held oss friske og får mange slike stunder ved bordet vårt fram mot jul.

onsdag, november 21, 2012

Edme



Ein del frukosttallerkenar i skapet vårt har sunge på siste vers ei stund. Glasuren på nokre av dei var så utsleten at enkelte familiemedlemmar nekta å legge brødskiva på dei fordi det då vart så ekkel knirkelyd! På tide å fornye seg litt, med andre ord. 

Vi har hatt Edme middagstallerkenar frå Wedgewood eit par år og vore svært fornøgd med dei, så eg bestemte meg for å kjøpe frukosttallerkenar frå dette servicet òg. I går kom dei i posten; 12 tallerkenar - og så ein frukostkopp til mor. ;) Ettervart vert det nok fleire koppar, men eg var usikker på størrelsen (0,3 l), og tok berre sjansen på å bestille ein kopp i første omgang. Det var igrunn greit, for sjølv om den passar fint som frukostkopp til meg sjølv, er den kanskje i største laget på kaffebordet. Trur eg heller vil gå for tekoppen 
(0,19 l), som har same fine fasong som frukostkoppen.

Sånn for ordens skuld; eg er ikkje sponsa, men anbefalar likevel gjerne glassoginterior.no dersom du er interessert i å kike nærare på Edme.

tirsdag, november 20, 2012

"November er så trist og grå"??







Ikkje nødvendigvis...

Sitatet i overskrifta kjem frå Prøysen sin sang om årstidene.
"November er så trist og grå,men nytting likevel, 
for da må barna tenke på å lage moro selv."

Godt sagt.

søndag, november 18, 2012

Chai


Det er ikkje så ofte eg lagar meg ein kopp te, eg er meir kaffikjerring enn te-drikkar. Men Indiska sin chai-te er jammen eit godt alternativ til kaffikoppen. 
Sånn innimellom, i alle fall. ;)

lørdag, november 17, 2012

Stille morgon


Ein ny og ubrukt novemberlaurdag ligg blank og fin framfor meg. I går kom dei første sviblane i hus og minner om at det berre er to veker att til advent. Då er det vel snart tid for å begynne med litt julepuslerier? Trur kanskje at saks, papir og lim må på bordet i dag.

God laurdag til deg!

lørdag, november 10, 2012

Blessings



Laura Story: "Blessings"


We pray for blessings
We pray for peace
Comfort for family, protection while we sleep
We pray for healing, for prosperity
We pray for Your mighty hand to ease our suffering
All the while, You hear each spoken need
Yet love is way too much to give us lesser things

'Cause what if your blessings come through raindrops
What if Your healing comes through tears
What if a thousand sleepless nights are what it takes to know You're near
What if trials of this life are Your mercies in disguise

We pray for wisdom
Your voice to hear
We cry in anger when we cannot feel You near
We doubt your goodness, we doubt your love
As if every promise from Your Word is not enough
All the while, You hear each desperate plea
And long that we'd have faith to believe

When friends betray us
When darkness seems to win
We know that pain reminds this heart
That this is not our home

What if my greatest disappointments
Or the aching of this life
Is the revealing of a greater thirst this world can't satisfy
What if trials of this life
The rain, the storms, the hardest nights
Are your mercies in disguise

Laura 

søndag, oktober 28, 2012

Huer til Haydom



Merete hadde strikka så fine huer til nyfødte som har bruk for litt ekstra varme, og eg fekk lyst til å bidra, eg òg. 

Så langt har eg strikka fem bittesmå huer etter dette mønsteret (den femte vart strikka etter at bileta var tatt), og eg satsar på å strikke litt fleire før eg sender dei avgarde til Haydom sjukehus i Tanzania. 

Vil du også vere med og strikke til desse små, enten huer eller andre klede og tepper, kan du finne meir informasjon her.

tirsdag, oktober 23, 2012

Lys


Morgonlyset kryp inn i stova vår utanfrå, medan tende lys i stakar og lykter hjelper til innanfrå. 

Lykta i bakgrunnen laga niåringen vår i helga. Lyset frå denne varmar liksom litt ekstra, synest mor sjølv. :)

søndag, oktober 21, 2012

Oktoberhelg





Helg, med tid til både aktivitet og kvile. Kaffe, levande lys og blomster høyrer som vanleg med. 

Blomstrane var dekorasjon på ein pakke frå ei veninne i går, og er kanskje årets siste sommarblomstrar på bordet vårt i år? Vakre er dei i alle fall.

God søndag!

tirsdag, oktober 16, 2012

Kanelkaffesesong...



Skal seie den var god, sesogens første kopp kanelkaffe (...fulgt av Kamille JUL, som eg gjerne kan anbefale)! Eg ser eg er litt tidlegare ute enn i fjor, men det var umogeleg å la vere å kjøpe med seg eit par posar då eg fekk anledning å gå innom Indiska i dag. 

Det har blitt meir som ein tradisjon for meg å kose meg med denne kaffien fram mot jul, og om nokre veker får den fylgje av pepperkaker; ekstra godt! 

Men pepperkakene må altså vente ei stund enno. Må nyte hausten ei stund til først.

lørdag, oktober 13, 2012

Laurdagsmorgon i svart/kvitt




Ein ny svart lysestake (Ikea) og ny rutete kopp (Søstrene Grene) mengar seg med anna svart/kvitt stæsj på frukostbordet vårt. Likar det! 

Likar også at himmelen er knallblå på tredje dagen no, og at det teiknar til å bli nok ein strålande haustdag.

Håper laurdagen din vert fin!

fredag, oktober 12, 2012

Fanagenser complete!


Fanagenseren eg starta på tidlegare i haust har vore ferdig eit par veker, og i dag fekk eg endeleg tatt bilete av den. Eg er veldig glad i fanamønsteret og har to fanakofter frå før, ei lys grå/kvit og ei brun/kvit. No vart det koksgrå/kvit genserversjon. Mønsteret er frå Husfliden og er nokre år gamalt, i typisk stor og bomsete utgåve. Eg la difor opp maskeantalet til størrelsen mindre enn det eg brukar til vanleg, og forlenga bol og armar nokre cm for å få ein smalare modell. Endå vart den litt vid, men den kjem til å verte godt brukt likevel. Halsavslutninga gjorde eg også ei endring på. Eigentleg skulle det vere rund hals med vrangbord, men eg strikka båthals med eit belegg på innsida i staden.

Garnet eg brukte var nytt for meg; Mitu frå Rauma, som består av 50/50 ull/alpakka. Det er nydeleg mjukt, og så langt er eg i alle fall godt fornøgd med det.

Genseren vart innvia tidlegare denne veka, på haustferietur i Trondheim. Ettersom det var nokså kaldt og vått i véret, var det godt å ha ein lun ullgenser å pakke seg inn i for å halde varmen.

Link til fanagenseren min på Ravelry finn du her.

lørdag, september 29, 2012

Loppestrikk


For nokre veker sidan passerte vi tilfeldigvis Steinerskolen sitt loppemarked, og tok turen innom. Eg vart mildt sagt i fyr og flamme då eg oppdaga nokre kasser som inneheldt spolar med ullgarn. Eg raska med meg fleire kilo garn til den nette sum av 50 kroner. Garnet kan samanliknast med Askeladden sitt totråds ullgarn, som er fint å strikke med både med enkel og dobbel tråd. 

No har eg funne fram fargane på biletet over, og har starta på ein genser til minstemann, inspirert av rullegenseren frå "Strikk til nøstebarn". Petrol, varmgul, mosegrøn og koksgrå striper - kjekt hauststrikk!

tirsdag, september 25, 2012

Morgonlys 


Fridag - med tid til å fotografere morgonlyset midt i frukosten. Det er godt, det!

Ha ein god tysdag!

søndag, september 23, 2012

Berre fordi...



Eit lite søndagsinnlegg i bloggen sånn berre fordi...! Har ikkje den heilt store bloggelysta om dagen, men sleng ut eit par bilete her likevel. Strikketøy og kaffi er innan rekkevidde, eg ladar opp til ei ny veke igjen. 

Eg strikkar framleis på fanagenseren min, er igang med erme nummer to. Gler meg til å krype inn i den på kalde vinterdagar! Gler meg også til å starte på tusen andre strikkeprosjekt som står i kø i hovudet mitt, eg har mangt eg gjerne skulle ha strikka til både meg sjølv og ungane før vinteren kjem. Altså tar eg strikkepinnane fatt igjen! :)

Ha ein god søndagskveld - og ei god ny veke!

tirsdag, september 18, 2012

Teaterforestilling...




Kjekt å få lov til å vere publikum på teaterforestilling ein heilt vanleg formiddag. Ryggen på sofaen er scenekant, dyra frå Noas ark festa på grillspyd er skodespelarar. 

Med strikketøy i fanget og slik finfin underhaldning, har eg det som plomma i egget! 

søndag, september 16, 2012

Min søndag




Min søndag - min dag. 
Eg rundar 36, og det er heilt i orden. :)

tirsdag, september 11, 2012

When inspiration strikes...




I går kveld sat eg nokså trøytt og sliten og bladde gjennom nokre bloggar, og var eigentleg klar for å finne senga snart. Men så kom eg over dette innlegget, og fekk akutt behov for å få meg eit svart/kvitt triangelmønstra bilete her heime! 

Jorid hadde sett eit triangelmønstra kjøkkenhandkle i glas og ramme (supersmart!), men man tager hva man haver, så eg vart sitjande med pensel og vassfargar og måle svarte trekantar medan resten av huset sov. Det gjeld å slå til og få gjort noko når inspirajsonen plutseleg er der! 

I dag var trekantbiletet mitt tørt, og eg plasserte det bak ei gamal loppisramme eg hadde ståande på hylla mi frå før. Ei billig og enkel, men likevel effektfull forandring.

søndag, september 02, 2012

Slakk søndag ettermiddag


"Batterilading" pågår...

tirsdag, august 28, 2012

Overrasking



For nokre dagar sidan var vi innom Husfliden, der eg skulle kjøpe garn til nytt strikketøy. På veg gjennom butikken kunne eg naturligvis ikkje la vere å stoppe for å beundre fine koppar og fat frå Marimekko. Eg stod og heldt på koppen på biletet, men skrapa saman nok viljestyrke til å gå frå den. Eg manglar trass alt eigentleg ikkje koppar å drikke av, og enkelte her heime har vel nevnt at eg kanskje skulle hatt "koppevaksine"?! Men jammen var den fin, koppen! 

Dagen etter skulle eg rydde på plass ein vase på øvste hylle heime i kjøkkenskapet, og heldt nesten på å sleppe vasen i golvet. I skapet stod nemleg koppen eg hadde latt vere å kjøpe!! Snille husbonden hadde lurt seg innom Husfliden etter at vi gjekk der frå og kjøpte den som presang til meg. For ei finfin overrasking!

Tusen takk, kjære husbond! :)

søndag, august 26, 2012

Haust!


Eg har landa heime i godstolen etter å ha tilbragt søndag ettermiddag ute ved havet. Der ute i fjøresteinane og inne blant trea i skogen kjende eg første streif av hausten i år. Det lukta rått og godt av mold, mose og lyng, og lufta var skarpare enn tidlegare i sommar sjølv om sola kom og helsa på. Eg synest det er godt. Sjølv om dei andre årstidene er fine på sine måtar, er hausten min favoritt! 

I skogen plukka eg med meg ein bukett lyng som får pynte bordet vårt når vi startar på ei ny veke.
Håper veka di vert god!

fredag, august 24, 2012

Kvardag - og så helg...





Kvardagen er i gong att etter sommaren. Tempoet er skrudd opp nokre hakk, så i dag kjennest det godt at det er fredag. Eit godt påskot for å bake gulrotkake... 

God helg!