fredag, desember 30, 2011

Ah...



Nye bøker i julepresang + ny sofa = bra match!

tysdag, desember 27, 2011

Uvérsstrikk


Ein oppattrekt UFO får nytt liv som "Babys uldne undertrøje". Ettersom garn og pinnar er tjukkare enn det som er foreslått i oppskrifta, tenker eg denne skal passe til treåringen. Eg starta på dette prosjektet for nokre veker sidan, og mista litt gnisten undervegs, men det forrykande julevéret vi har denne jula, har gjort at strikkelysta mi er tilbake. Strikk, strikk...

søndag, desember 25, 2011

Forblåst


Det vert ei nokså luftig jul, med "Dagmar" hylande rundt hushjørna, men vi får skalke lukene og kose oss innandørs. 
I gangen vår står eit minne om "Berit" som besøkte oss tidleg i desember. Eg skvatt bra då denne greina kom ramlande ned frå den staselege furua utfor huset vårt og traff stovevindauget! Etterkvart fekk greina opphaldstillatelse i gangen. Trur ho likar seg godt der, innhylla i glitter og lys!

God 1. juledag til deg!

fredag, desember 23, 2011

Jul



Då er det aller meste er i orden til julefeiring her hos oss, 
og det er godt å krype opp i sofaen berre ta det heilt med ro. 
Medan eg sit her, har eg lyst å ynskje deg og dine 
ei velsigna julehøgtid. 
God jul!


laurdag, desember 17, 2011

Candlelight carol



Ein for meg nyoppdaga song. 

Den går inn blant julefavorittane!
Lytt her.

Edit: Gløymde å legge til at Divisi har ein norsk versjon av denne songen på juleplata si.
Spotify-link her.

onsdag, desember 14, 2011

Ein pust i bakken...






...nokre ledige minutt med kaffikoppen på kjøkkenet.
Hugs å ta deg ei pause, du òg! :)

tysdag, desember 13, 2011

Lucia



søndag, desember 04, 2011

Stjerner - og trekning i lotteriet mitt...


Som de ser; eg er igang med stjernebrettinga igjen. Så kjekt!!! Akkurat desse stjernene er laga av papir eg har mala med vassfargar. Stjernebrettingskunsten kan du til dømes lære her.

Så har eg hatt trekning i det lille blogglotteriet mitt. Pungen var det Karianne med bloggen Fra huset i svingen som vann, og bambistempelet vart vunne av Marie Elise (utan blogg). Tusen takk til alle som ville vere med, og gratulerer til vinnarane! :)

fredag, desember 02, 2011

I vindauget
Med eit syltynt lag desembersnø som bakgrunn, står adventsstaken i gangen og lyser så triveleg for den som måtte gå forbi, inne eller ute. No får han lyse litt for deg som er på tur gjennom bloggen min, òg. :)
God fredagskveld!

torsdag, desember 01, 2011

1. desember


Så er det 1. desember. Adventsstaken kom sjølvsagt på plass på søndag, og er den same som i fjor...og året før der igjen...og sikkert året før òg. Av og til kunne eg tenkt meg å lage nye og kreative adventsstakar/lysfat frå år til år, men så er det no kjekt å ha ein skikkeleg tradisjonsstake òg. :)


Det som derimot er nytt, er heimelaga betonglysestakar til telys. Eg let meg inspirere av Mrs Hardy, og sette igong med sementblanding utandørs saman med Minsten. Veldig kjekt! Og resultatet vart slett ikkje dumt, synest eg! 
Prosjektet kan anbefalast, med andre ord.


Då skal eg samle troppene for ein smak på pepperkakene til kvelds! 
Ha ein god desemberkveld!