måndag, november 28, 2011

Heimebakt brød...


...det var lenge sidan sist! 
*klappar meg sjølv på skuldera*

Tikk takk


Denne skjermspararen likar eg! Eg fann han her, via Brinja sin herlege blogg.

Hugs å ta deg eit lodd i blogglotteriet mitt! :) 
Trekning 4/12-11.


fredag, november 25, 2011

Blogglotteri


Har du lyst på ein liten førjulspresang i posten? Eg har kjøpt eit par ting på Etsy, som eg har lyst til å gi til to av dykk som er innom bloggen min.


Den første premien er dette nydelege lille bambistempelet som er laga av Craftpudding, som også har designa den fine Haust-logoen min. Stempelet er sjølvsagt ubrukt, prøvetrykket du ser på biletet har eg laga med mitt eige bambistempel. Eg måtte då ha eit sjølv og, hehe! Eg sender også med ei lita stempelpute, slik at vinnaren kan setje igong med stempling av til/frå-lappar og anna kjekt med ein gong. :)
Håper forresten at Craftpudding åpnar Etsybutikken sin igjen snart, den ser ut til å ha vore stengt ei tid...


Premie nummer to er denne fine pungen, kjøpt hos Bagitarian. Den kan sikkert brukast som ei litt stor lommebok eller ein liten sminkepung.

Alt du må gjere for å vere med i lotteriet mitt, er å legge att ein kommentar under dette innlegget. Dersom du ikkje har eigen blogg, må du legge att e-postadressa di, slik at eg når tak i deg om du skulle vinne.
Eg trekk vinnarane søndag 4. desember. 
Lukke til! :)

torsdag, november 24, 2011

Fiolett



Eg er litt ekstra glad i kvite sviblar, men eg må jammen seie at desse fiolette eksemplara kvikkar opp i stova ein grå og forblåst novemberdag. Akkurat denne nyansen likte eg svært godt! 

Tenkte forresten at det kanskje er fleire som ville setje pris på litt oppkvikking sånn i slutten av november, så i morgon slår eg til med eit lite blogglotteri her hos meg. :)

Fortsatt god torsdag til deg...

måndag, november 21, 2011

I dag...



...heklar eg ulne juletre. Oppskrifta fann eg her.

søndag, november 20, 2011

Duftlys (?)


Eg måtte prøve meg på duftlys eg òg: telys og kaffibønner på norgesglas. Men enten så er kaffibønnene mine blitt for gamle til å dufte noko særleg, eller så er eg for tett i nasen til å kjenne det, for duft vart det dårleg med. Eit fint blikkfang vart det likevel...

laurdag, november 19, 2011

Laurdag morgon...


...noko av det beste som finst! 

God laurdag til deg!

fredag, november 11, 2011

Mjau...


Pusekatt på nykosta trapp. :)

Eg og Minsten har vore på jakt etter mose i dag. Inspirert av denne dama og denne dama, tenkte eg å fylle nokre av dei tomme blomsterkrukkene ute med mose. Lurt!

torsdag, november 10, 2011

Litt nytt på ein torsdag


Svibelsesongen er i gong! Hipp hurra! Dei stod der på matbutikken og ropte på meg, og eg kunne ikkje gå forbi!

Ser du den nye puta mi, forresten? Eg brukte ei ledig stund her eine dagen og sydde eit nytt putetrekk. Fint med litt nytt i sofakroken til vintersesongen. No blir det snart meir fornying, for vi har bestilt oss ny sofa. Ein som både er fin å sjå på, og god å sitje i.
(Hipp hurra ein gong til!)
Håper dei greier å levere den før jul!

 I mellomtida skal eg nyte sviblane mine, og dagen.

tysdag, november 08, 2011

Ein liten tjuvstart


Eg prøvesmakar litt på jula med Indiska sin julekaffe (smakssett med kanel) i ny Mummikopp. Denne kaffien kosa eg meg med også på desse tider i fjor, og eg har sett fram til at den skulle kome i salg igjen. No sikra eg meg to posar, og dei varer ei stund, ettersom eg blandar den med vanleg filtermalt kaffe. Ei skei julekaffe pr liter er passe, synest eg; berre eit hint av kanel - og jul.

Og Mummikoppen: ny favoritt! :)

måndag, november 07, 2011

Viktig i november:


- Å ha eit solid lager av stearinlys!

God måndag!

søndag, november 06, 2011

Ein hals til...


Hals nummer to var klar til fotografering på trappa i dag tidleg. Den er strikka etter same mønster som den forrige, men eg la opp 20 maskar mindre enn det som var oppgitt i mønsteret for at den skulle passe til Storesøster. Eg lot også vere å strikke "snurr" denne gongen, og synest det fungerer heilt fint. 

Ravelry-link her, og link til mønseret finn du her
Takk til Marte som deler mønsteret sitt med oss aldeles gratis. :)