35 år, og klar for nye leseopplevingar!
Javel, javel, så rundar eg altså 35 år i dag. Litt rart, men eigentleg heilt i orden. Årets gebursdagsgåve frå mannen var ein Kindle, som stod høgt på ønskelista mi. Den kom i går, og eg klarte ikkje å vente med å åpne den til i dag, så den er alt tatt i bruk. ;)
Om du ikkje kjenner til Kindle, så er det altså eit lesebrett, der ein kan lagre opp til 3500 bøker. Kindle er knytt opp mot Amazon, så norske e-bøker kan ikkje lastast direkte inn på denne. Men i det siste har eg likevel lese mykje engelsk, så det synest eg er heilt OK. Engelske bøker er jo også billege.
Min Kindle har 3G, og eg kan difor kjøpe nye bøker direkte frå lesebrettet og få dei direkte overført på nokre sekund same kor eg befinn meg. Heilt merkeleg at det går an, synest eg, men den første boka kjøpte eg via internett medan Kindle'n min enno var i posten, og den låg klar til lesing på lesebrettet då eg åpna pakken. Reine trylleriet! ;)
Den store fordelen med eit slikt lesebrett, samanlikna med å lese til dømes på ein PC eller Ipad, er at skjermen ikkje er opplyst bakfrå, slik at ein ikkje vert sliten i augene av å lese over lengre tid. Det er som å lese ei vanleg bokside. Dermed kan ein også lese bøker ute i sola utan å få gjenskin og problem med å lese teksten. Og så er den lett og slank, og difor kjekk å ha med seg i veska. Har kjøpt meg eit fint etui til reisebruk på Etsy, det må eg vise dykk ein annan dag.
Gler meg til fine lesestunder med denne utover hausten, førsteinntrykket mitt er i alle fall svært godt.
...og eg er ikkje sponsa, berre begeistra. ;)
God fredag!