Stripedilla
I dag var eg på posten og henta ein pakke med finfint innhald; stripete vase frå Kähler, kjøpt hos hviit.no. Må nok ut og finne ein fin blomsterbukett til den i næraste framtid, men enn så lenge står den tom - og er eit nydeleg kunstverk i seg sjølv.
Det var litt meir striper i pakken frå hviit, dei hadde fylt på lageret sitt med koppar frå Tine K, og eg kjøpte to stykker. Fine både til blomster og kaffe!
Og har du sett...jammen stilte enkelte i den yngre garde i matchande striper til middagen! ;)
God helg!





















