tysdag, mai 31, 2011

Rabarbrasesong



Rabarbrasesongen er godt igang, og dei siste vekene har vi kosa oss med rabarbrapai, suppe, syltetøy...og sjølvsagt rå rabarbra dyppa i sukker. Sommarsmak!
Hugs å bruke denne fabelaktige veksten, dersom du har ei rot i hagen. Og dersom du ikkje har, må du skaffe deg ei! ;)
Rabarbrapai er min favoritt, og eg brukar denne oppskrifta. Den er enkel å lage, og smakar fantastisk godt til vaniljeis. Nam! :)


laurdag, mai 28, 2011

God morgon!


Laurdag! Min dag starta med frukost etterfulgt av ein latte.


Alle lattekoppane mine var opptekne, enten i full gang med å bli vaska i oppvaskmaskina, eller - som koppen i bakgrunnen - med å fungere som vase for Rhododendronkvastar. Dermed måtte det bli latte i glas i dag.


Konklusjon: Latte er best i lattekopp!

Godt påskudd for å kjøpe fleire lattekoppar??? ;)

fredag, mai 27, 2011

Stor stas!



I går kveld fekk eg beskjed av dei flinke jentene hos Norske Interiørbloggere at eg var blitt nominert av dei i kategorien "Interiør og hverdag" til kåringa dei skal ha på Glansdagen. Det er stas, det! Ta deg ein tur innom NIB og sjå dei andre nominerte!

Bileta i dette innlegget er tatt i hagen vår ein vakker maidag for eit par veker sidan. I skrivande stund er det litt meir grått der ute, men vi skal nok nyte dagen likevel. 
Det håper eg du òg gjer! :)

tysdag, mai 03, 2011

Gratis blomsterglede...



Det er heilt herleg å kunne fylle glas og vasar med blomstrar frå hage og grøftekantar igjen! Det er vel noko av det eg brukar å sakne mest gjennom den lange vinteren. 
Akkurat no er det kvitveis og påskeliljer som lyser opp på borda våre. 
Heilskjønt!