Meir om latte art
Til dei som lurte på om eg hadde gode råd angåande latte art - det første eg må seie at det er ikkje kvar gong eg er like heldig med resultatet. Det kjem alt an på om eg greier å få fin konsistens på mjølka og får mikroskum; som ikkje er for stivt, og som har mikroskopiske, nesten usynlege bobler. I dag greide eg det ikkje, så biletet over er frå i går. Men det smakte bra likevel, altså! :)
For å få dreis på mjølkeskumminga kan det vere lurt å lese litt om dette på nettet, til dømes her. Og her les du meir om korleis du går fram når mjølka skal hellast i espressoen. Eg har også funne mange tips og triks som eg har hatt nytte av inne på dette forumet. Og vil du sjå filmsnuttar som viser kunsten, kan du til dømes starte med denne. Så er det berre å begynne å øve - og atter øve.
Lukke til!