Jaaa!
Etter at eg skaffa meg denne maskina, har eg har hatt mange rare forsøk på vegen mot "latte art". Latten smakar jo godt utan kunst i koppen òg, men det set litt ekstra spiss på opplevelsen å få eit blad eller eit hjarte i koppen. Og det er neimen ikkje heilt lett å få til denne kunsten! Men eg er på sporet, og i dag vart eg nokså fornøgd med resultatet. Så gøy det er å meistre noko nytt, noko ein har måtte streve litt for å få til!
God måndagskveld! ♥














