måndag, januar 31, 2011

Tänk att få vakna


Høyr Carola synge songen her.

Tänk att få vakna tidigt en morgon
Höra ett vårregn sjunga sin sång!
Jag älskar regnet som väcker jorden
Tack käre far för regnet du gav!

Tänk att få vakna tidigt en morgon
Höra en koltrast sjunga sin sång!
Jag älskar sången koltrasten sjunger
Tack käre far för sången du gav!

Tänk att få vakna tidigt en morgon
Se hur vår sol gör allting så skönt
Jag älskar solen som värmer jorden
Tack käre far för solen du gav!

Tänk att få vakna tidigt en morgon
Utan att sakna natten som var
Jag älskar livet som du har skapat
Tack käre far för allt som du gav!

søndag, januar 30, 2011

Søndag




Det er litt langt mellom innlegga i bloggen min om dagen, men eg er her, og eg har det bra! 
Akkurat no nyt eg ein passeleg slakk søndag ettermiddag. Mannen er i ferd med å ordne skulebollar til oss, og den nydelege dufta av nybakt kjem sivande ut frå kjøkkenet i skrivande stund. 
Ungane leikar i bakgrunnen, og eg har jammen tid til å berre sitte litt. Og det skal eg gjere også! :)

God søndag!

måndag, januar 24, 2011

Done!



Så kjekt det er å få gjort ting heilt ferdige! Strikkeprosjekta mine har ein tendens til å bli sett på vent når eg berre har litt att, som å feste trådar og sy i knappar. Men no er søte epleknappar komt på plass i ullvesten til Minsten. Mønsteret er frå boka "Strikk til nøstebarn". Eg strikka den imidlertid i babyull (ikkje totråds lammeull som er foreslått), og la på litt maskar i breidda og omgongar på lengda for å få den stor nok til toåringen (mønsteret er i babystørrelse).
Done!

søndag, januar 23, 2011

"I di hand er mine tider"



Så trygt å kunne kvile i dette!

(Fremst i bibelen min har eg testa eit av dei nye stempela mine, kjøpt på ebay etter å ha sett dei hos Liselotte.)

laurdag, januar 22, 2011

Gråvér...

Oi, det er grått i dag!!! Striregn på blankis gjer det jammen ikkje særleg freistande å bevege seg ut. 

Like godt å ta det roleg i starten, med lang og god frukost, kaffi...

...og litt lesestoff. I dag er det boka eg vann hos Katarina før jul som ligg på bordet mitt.

Ha ein fin januarlaurdag der du er! ♥

fredag, januar 21, 2011

Amaryllisen bryr seg ikkje...

Amaryllisen vår bryr seg ikkje om at jula er over - heldigvis! Så nydeleg som den er, kan den gjerne blomstre lenge! Det er ikkje kvart år eg har vore så heldig å finne rosa amaryllis i butikkane, men denne jula hadde eg hellet med meg. Eg synest den er så fin i akkurat denne nyansen!

 
Ellers strikkar eg eindel om dagen. I dag la eg siste hand på verket på ei jakke eg har strikka til meg sjølv, kragejakke frå "Strikk til nøstebarn". Dessverre har eg gjort ein bommert undervegs som gjer at passforma ikkje er heilt som den skal. Sukk. Dermed vert det visst eit plagg mest til heimebruk. Lang, god og varm er den, i alle fall.

No strikkar eg vidare på enda eit plagg frå nøstebarnboka; jakke med rundfelling - i kjekt rillestrikk. Denne er det Minsten vår som skal få. 

Ja, og så er helga like rundt hjørnet. Den skal nytast!
God fredag! :)

søndag, januar 09, 2011

Jula er neeesten ute...

Rett før helga rauk juletreet ut, men eg har ikkje hatt hjarte til å fjerne alt som minner om jul - heilt enda. Eit englespel, kongerøykelsen, adventsstjerna og nokre juleblomstrar får stå ei ørlita stund til og lyse opp i vintermørket.

Ja, og så sinkhusa, då, men dei reknar eg eigentleg ikkje som julepynt, men vinterpynt. Akkurat dette huset fekk eg i julegåve. Det er litt større enn dei andre eg har, og rommar eit lite kubbelys.

Nokre dagar inn i det nye året dukka det opp ei Mariskål i stova vår. Eg var tenkt å gi den vekk til jul, men så fann eg ein annan presang til mottakar i staden - og skåla vart til overs. Og det passa forsåvidt bra, ettersom eg likar akkurat denne vassgrøne varianten så godt! ;)

God søndagskveld!

laurdag, januar 01, 2011

Eit nytt år...


Eit splitter nytt år er igong! 
Eg takkar for det gamle og ynskjer dykk alle saman
gode dagar i 2011! ♥