mandag, august 08, 2011

Svenskekopp

Det er måndag formiddag, og eg supar kaffi frå den nye koppen min; som eg var så heldig å få som takk for vatning av blomstrar i sommar. Koppen er frå Paradisverkstaden i Sverige, og vart raskt ein favoritt!

Og sommaren, den tuslar mot slutten. Eg kjende meg att i det Anna-Malin skreiv i dag; at eit litt haustleg lys er i ferd med å smyge seg inn. Dermed er det berre å stå på med dette prosjektet:


...nemleg å få vestveggen vår ferdig før hausten. Vi har skifta ut dei slitne 50-talsvindauga på denne veggen med sjarmerande korsvindauge og skal få på ny bordkledning, og så vert det litt forandringar i forhold til vinterhagen. Det er no eit lite styr medan det står på, men det blir veldig godt å få det gjort! Og fint blir det; huset vert SÅ mykje finare, både ute og inne! Det kjem vel bilete i bloggen etterkvart, tenkjer eg. :)

Ha ei god veke!

6 kommentarer:

  1. Ja det er et arbeid det er godt å få gjort før hausten setter inn for fullt. Blir nok godt å få nye vinduer kan jeg tenke meg.
    Ser på bilde under her av ferja. Kjørte hele vestlandet opp fra Jæren og til Smøla i sommer. Tror vi tilsammen kjørte med 12-13 ferjer. Vet at vi brukte ca 2000,- bare for ferjene. Jaja, for oss som bor på austlandet er det jo en opplevelse å kjøre ferjer, men må innrømme jeg var litt lei på slutten. Hehe.
    Ønsker deg ei riktig god uke :)

    SvarSlett
  2. I dag blåser det en kald vind over tunet mitt. Og jeg kjenner at det faktisk er litt godt. Jeg er så glad i høsten. Luktene, fargene.
    Kaffen smaker enda bedre når det uler litt rundt hushjørnene. ♥

    SvarSlett
  3. Hej,

    Det låter som ni har fullt upp med arbete, men det är skönt att få det gjort också, man blir nöjd när det är klart :)

    Koppen är jättesöt!
    Kram
    Mia

    SvarSlett
  4. Vilken finfin kopp! kram

    SvarSlett
  5. Så fin kopp!
    Litt av eit prosjekt dokke har satt i gang, men vert fint :-)

    SvarSlett