onsdag, juni 15, 2011

Nytt i stova: godlyd


For ikkje så mange dagane sidan kom det på plass noko nytt i stova vår. Ikkje akkurat augesnop denne gongen, dessverre, for direkte vakre å sjå på er dei ikkje, dei nye høgtalarane våre. Dermed får dei ikkje vere midtpunkt i dagens foto, du ser dei berre til høgre i biletet. Men godlyd jammen lagar dei godlyd! Det gamle settet hadde regelrett smuldra opp etter mange, mange års bruk, så det var på tide å investere i nytt. Mannen er veldig glad i alt sånt elektrisk, så høgtalarane fekk han plukke ut. Med visse rammebetingelsar lagt av underteikna, sjølvsagt! Det får vere grenser, liksom...hehe! (Høyrt om WAF?)

Dersom du måtte lure på kva slags høgtalarar vi har kjøpt, kan du sjå dei t.d. her. (NB! Dei har svart frontdeksel, dei koparfarga elementa visest altså ikkje.)

2 kommentarer:

  1. Ein må vel inngå litt kompromiss av og til ;-)

    SvarSlett