onsdag, juni 01, 2011

Den som ventar på noko godt...



Eg venta jammen ikkje forgjeves, men det har tatt si tid! I seks år har eg venta på at syrinen min skulle blomstre. Då eg planta den, var berre ein liten pinne; eit rotskot eg hadde fått av mamma, og det ante meg at den antakeleg ikkje kom til å blomstre dei første par åra. Men at det skulle ta SÅ lang tid, hadde eg ikkje trudd. "Jaja, kanskje neste år...", sa eg til meg sjølv, år etter år. Og endeleg, i år storblomstrar den! 
Hei hurra, sanneleg var det verd all ventinga! Fortryllande vakker, er den, og så duftar den fantastisk! 

I åra som har gått sidan eg planta denne første syrinen, har fleire variantar kome i jorda her hos oss, så har eg litt meir å vente på. Den som ventar på noko godt...

10 kommentarer:

  1. Så bra den omsider kom. Jeg ELSKER syrin! Har vokst opp i et hus med stor hage og masse syrinbusker, og blir helt svimmel av lykke av den lukta. Da vi var små, pleide vi å suge ut saften fra syrinblomstene husker jeg.. søtt og godt :)

    SvarSlett
  2. Ja..vel verdt ventingen den...
    De er vakre og dufter utrolig godt..
    ha en fin dag

    SvarSlett
  3. Så bra at den har begynt å blomstre. Syrinen er så utrolig fin med nesten helt berusende lukt. Deilig!

    SvarSlett
  4. Syriner er så flotte. Men når jeg tar de inn visner de så fort. Kanskje jeg gjør noe feil. Din var i alle fall veldig vakker.

    SvarSlett
  5. oi, kan det ta så lang tid! eg har planar om å plante ein syrinbusk i den nye hagen vår, men då må eg altså smøre meg med eit tjukt lag tålmod ;O)

    håpar du har ein fin onsdag!

    -klem

    SvarSlett
  6. Så flott at den endeleg blømer!!

    God laaang helg :-)

    SvarSlett
  7. Så vakkert! Absolutt verdt "litt" venting Ü

    SvarSlett
  8. Nydelig syrin. I hagen dufter det fra flere slike. Kan du skjønne at det går an!

    SvarSlett
  9. Lang ventetid, men fin belønning for tolmoda. Utrulig fine er dei, har en kvit fin gammal i min hage:)
    Ha ei fortsatt fin helg!

    SvarSlett
  10. Den var fantastisk flott! Og bra er jo det når du har ventet så lenge:)

    SvarSlett