tirsdag, mars 01, 2011

Meir om latte art



Til dei som lurte på om eg hadde gode råd angåande latte art - det første eg må seie at det er ikkje kvar gong eg er like heldig med resultatet. Det kjem alt an på om eg greier å få fin konsistens på mjølka og får mikroskum; som ikkje er for stivt, og som har mikroskopiske, nesten usynlege bobler. I dag greide eg det ikkje, så biletet over er frå i går. Men det smakte bra likevel, altså! :)

For å få dreis på mjølkeskumminga kan det vere lurt å lese litt om dette på nettet, til dømes her. Og her les du meir om korleis du går fram når mjølka skal hellast i espressoen. Eg har også funne mange tips og triks som eg har hatt nytte av inne på dette forumet. Og vil du sjå filmsnuttar som viser kunsten, kan du til dømes starte med denne
Så er det berre å begynne å øve - og atter øve.
Lukke til!

6 kommentarer:

  1. Fantastiskt! Går det an? Jag tror jag måste få SE det och SMAKA för att vara säker på att du inte fuskar... :0)

    SvarSlett
  2. Mmmmm - det ser utruleg godt ut!!
    Kanskje eg kan smake ein dag mot slutten av veka...? ;)

    Vi har bytta ut vår gamle kaffemaskin med ei litt nyare, og eg har ikkje heilt fått taket på den enno...kjedeleg! Og ikkje så lett å øve når det berre eg som vil ha latte, og eg drikk maks ein om dagen. ;) Men eg skal nok få det til att!! (Kanskje når Lillebror ikkje får vondt i magen av at eg drikk mjølk..!)

    Ønskar deg ein strålande dag!
    Klem

    SvarSlett
  3. Ja! TAKK for linker!
    Jeg prøver og prøver, men har så MYE å lære!
    Så gøy med kaffe, og så GODT med kaffe!

    Ha en fin kveld, vennen!!

    SvarSlett
  4. Flink altså!!! Vi fikk kaffimaskin til jul. Eg berre nøyar meg med å drikke kaffien så lenge. Blitt ekstremt bortskjemt med god kaffi med kaffimaskin. Steamer og styrer ;) men lite kunst endå ja. Har ikkje heilt dreisen på steminga trur eg... jaja, får øve ja

    SvarSlett
  5. Så stilig! Er berre det at eg likar best te;) Finst det te-kunst òg? Oppdaga nett bloggen din, fin!! Vart fylgjar eg:)

    SvarSlett
  6. Flinka! :D
    Som den kaffenerden jeg er så vet jeg at melken blir bedre å jobbe med om det er snakk om H-melk.

    SvarSlett