fredag, desember 30, 2011

Ah...



Nye bøker i julepresang + ny sofa = bra match!

tirsdag, desember 27, 2011

Uvérsstrikk


Ein oppattrekt UFO får nytt liv som "Babys uldne undertrøje". Ettersom garn og pinnar er tjukkare enn det som er foreslått i oppskrifta, tenker eg denne skal passe til treåringen. Eg starta på dette prosjektet for nokre veker sidan, og mista litt gnisten undervegs, men det forrykande julevéret vi har denne jula, har gjort at strikkelysta mi er tilbake. Strikk, strikk...

søndag, desember 25, 2011

Forblåst


Det vert ei nokså luftig jul, med "Dagmar" hylande rundt hushjørna, men vi får skalke lukene og kose oss innandørs. 
I gangen vår står eit minne om "Berit" som besøkte oss tidleg i desember. Eg skvatt bra då denne greina kom ramlande ned frå den staselege furua utfor huset vårt og traff stovevindauget! Etterkvart fekk greina opphaldstillatelse i gangen. Trur ho likar seg godt der, innhylla i glitter og lys!

God 1. juledag til deg!

fredag, desember 23, 2011

Jul



Då er det aller meste er i orden til julefeiring her hos oss, 
og det er godt å krype opp i sofaen berre ta det heilt med ro. 
Medan eg sit her, har eg lyst å ynskje deg og dine 
ei velsigna julehøgtid. 
God jul!


lørdag, desember 17, 2011

Candlelight carol



Ein for meg nyoppdaga song. 

Den går inn blant julefavorittane!
Lytt her.

Edit: Gløymde å legge til at Divisi har ein norsk versjon av denne songen på juleplata si.
Spotify-link her.

onsdag, desember 14, 2011

Ein pust i bakken...






...nokre ledige minutt med kaffikoppen på kjøkkenet.
Hugs å ta deg ei pause, du òg! :)

tirsdag, desember 13, 2011

Lucia



søndag, desember 04, 2011

Stjerner - og trekning i lotteriet mitt...


Som de ser; eg er igang med stjernebrettinga igjen. Så kjekt!!! Akkurat desse stjernene er laga av papir eg har mala med vassfargar. Stjernebrettingskunsten kan du til dømes lære her.

Så har eg hatt trekning i det lille blogglotteriet mitt. Pungen var det Karianne med bloggen Fra huset i svingen som vann, og bambistempelet vart vunne av Marie Elise (utan blogg). Tusen takk til alle som ville vere med, og gratulerer til vinnarane! :)

fredag, desember 02, 2011

I vindauget
Med eit syltynt lag desembersnø som bakgrunn, står adventsstaken i gangen og lyser så triveleg for den som måtte gå forbi, inne eller ute. No får han lyse litt for deg som er på tur gjennom bloggen min, òg. :)
God fredagskveld!

torsdag, desember 01, 2011

1. desember


Så er det 1. desember. Adventsstaken kom sjølvsagt på plass på søndag, og er den same som i fjor...og året før der igjen...og sikkert året før òg. Av og til kunne eg tenkt meg å lage nye og kreative adventsstakar/lysfat frå år til år, men så er det no kjekt å ha ein skikkeleg tradisjonsstake òg. :)


Det som derimot er nytt, er heimelaga betonglysestakar til telys. Eg let meg inspirere av Mrs Hardy, og sette igong med sementblanding utandørs saman med Minsten. Veldig kjekt! Og resultatet vart slett ikkje dumt, synest eg! 
Prosjektet kan anbefalast, med andre ord.


Då skal eg samle troppene for ein smak på pepperkakene til kvelds! 
Ha ein god desemberkveld!

mandag, november 28, 2011

Heimebakt brød...


...det var lenge sidan sist! 
*klappar meg sjølv på skuldera*

Tikk takk


Denne skjermspararen likar eg! Eg fann han her, via Brinja sin herlege blogg.

Hugs å ta deg eit lodd i blogglotteriet mitt! :) 
Trekning 4/12-11.


fredag, november 25, 2011

Blogglotteri


Har du lyst på ein liten førjulspresang i posten? Eg har kjøpt eit par ting på Etsy, som eg har lyst til å gi til to av dykk som er innom bloggen min.


Den første premien er dette nydelege lille bambistempelet som er laga av Craftpudding, som også har designa den fine Haust-logoen min. Stempelet er sjølvsagt ubrukt, prøvetrykket du ser på biletet har eg laga med mitt eige bambistempel. Eg måtte då ha eit sjølv og, hehe! Eg sender også med ei lita stempelpute, slik at vinnaren kan setje igong med stempling av til/frå-lappar og anna kjekt med ein gong. :)
Håper forresten at Craftpudding åpnar Etsybutikken sin igjen snart, den ser ut til å ha vore stengt ei tid...


Premie nummer to er denne fine pungen, kjøpt hos Bagitarian. Den kan sikkert brukast som ei litt stor lommebok eller ein liten sminkepung.

Alt du må gjere for å vere med i lotteriet mitt, er å legge att ein kommentar under dette innlegget. Dersom du ikkje har eigen blogg, må du legge att e-postadressa di, slik at eg når tak i deg om du skulle vinne.
Eg trekk vinnarane søndag 4. desember. 
Lukke til! :)

torsdag, november 24, 2011

Fiolett



Eg er litt ekstra glad i kvite sviblar, men eg må jammen seie at desse fiolette eksemplara kvikkar opp i stova ein grå og forblåst novemberdag. Akkurat denne nyansen likte eg svært godt! 

Tenkte forresten at det kanskje er fleire som ville setje pris på litt oppkvikking sånn i slutten av november, så i morgon slår eg til med eit lite blogglotteri her hos meg. :)

Fortsatt god torsdag til deg...

mandag, november 21, 2011

I dag...



...heklar eg ulne juletre. Oppskrifta fann eg her.

søndag, november 20, 2011

Duftlys (?)


Eg måtte prøve meg på duftlys eg òg: telys og kaffibønner på norgesglas. Men enten så er kaffibønnene mine blitt for gamle til å dufte noko særleg, eller så er eg for tett i nasen til å kjenne det, for duft vart det dårleg med. Eit fint blikkfang vart det likevel...

lørdag, november 19, 2011

Laurdag morgon...


...noko av det beste som finst! 

God laurdag til deg!

fredag, november 11, 2011

Mjau...


Pusekatt på nykosta trapp. :)

Eg og Minsten har vore på jakt etter mose i dag. Inspirert av denne dama og denne dama, tenkte eg å fylle nokre av dei tomme blomsterkrukkene ute med mose. Lurt!

torsdag, november 10, 2011

Litt nytt på ein torsdag


Svibelsesongen er i gong! Hipp hurra! Dei stod der på matbutikken og ropte på meg, og eg kunne ikkje gå forbi!

Ser du den nye puta mi, forresten? Eg brukte ei ledig stund her eine dagen og sydde eit nytt putetrekk. Fint med litt nytt i sofakroken til vintersesongen. No blir det snart meir fornying, for vi har bestilt oss ny sofa. Ein som både er fin å sjå på, og god å sitje i.
(Hipp hurra ein gong til!)
Håper dei greier å levere den før jul!

 I mellomtida skal eg nyte sviblane mine, og dagen.

tirsdag, november 08, 2011

Ein liten tjuvstart


Eg prøvesmakar litt på jula med Indiska sin julekaffe (smakssett med kanel) i ny Mummikopp. Denne kaffien kosa eg meg med også på desse tider i fjor, og eg har sett fram til at den skulle kome i salg igjen. No sikra eg meg to posar, og dei varer ei stund, ettersom eg blandar den med vanleg filtermalt kaffe. Ei skei julekaffe pr liter er passe, synest eg; berre eit hint av kanel - og jul.

Og Mummikoppen: ny favoritt! :)

mandag, november 07, 2011

Viktig i november:


- Å ha eit solid lager av stearinlys!

God måndag!

søndag, november 06, 2011

Ein hals til...


Hals nummer to var klar til fotografering på trappa i dag tidleg. Den er strikka etter same mønster som den forrige, men eg la opp 20 maskar mindre enn det som var oppgitt i mønsteret for at den skulle passe til Storesøster. Eg lot også vere å strikke "snurr" denne gongen, og synest det fungerer heilt fint. 

Ravelry-link her, og link til mønseret finn du her
Takk til Marte som deler mønsteret sitt med oss aldeles gratis. :)

mandag, oktober 31, 2011

Oppvaskklut...



Heimelaga oppvaskklutar, ja! Eg har sett diverse variantar av dei rundt omkring, men har vore litt småskeptisk til om dei fungerer like bra som dei tynne kjøpeklutane (type bomullsgas) vi vanlegvis brukar. No skal det imidlertid prøvast ut, for her er min første heimehekla oppvaskklut. ;) 

Det var Noralill sine koselege klutar
som inspirerte meg til å dra fram bomullsgarnet mitt og hekle denne. 


Eg brukte dette garnet, og heklekrok nr. 3,5.
Ravelry-link her.

søndag, oktober 30, 2011

Roser sist i oktober


Ein av fordelane med den milde hausten vi har hatt, er at det fortsatt er nokre roser att i hagen. Det er luksus å fortsatt kunne plukke inn roser når det straks er november! 
Rosene på bordet vårt er 'Heritage'. 

Fortsatt god søndag til deg!

fredag, oktober 28, 2011

God of the impossible



My biggest storm, one drop of rain
My raging fire, a candle flame
My deepest ocean is like a puddle at Your feet
My darkest valley, my greatest mountain
They are Your prairie for You are constant
Your ways are higher than any other
So I will sing

God of the impossible
Maker of all miracles
I stand in awe of You
I'm so amazed by how You
Reach into my brokenness
Make me beautiful again
I believe
Yes, I believe
Nothing is impossible with You

When I am weak
You are my strength
And all Your power is made complete
You turn my failures to victories
Hallelujah, hallelujah

God of the impossible
Maker of all miracles
I stand in awe of You
I'm so amazed by how You
Reach into my brokenness
Make me beautiful again
I believe
Yes, I believe
Nothing is impossible with You

Healer, Healer
I'm restored by a healer
Provider, Provider
I am filled by a provider
Deliverer, Deliverer
I'm saved by a deliverer
Savior, my Savior
I'm redeemed by a savior

God of the impossible
Maker of all miracles
I stand in awe of You
I'm so amazed by how you
Reach into my brokenness
Make me beautiful again
I believe
Yes, I believe
Nothing is impossible with You

Sarah Reeves "God of the impossible". 
Sangen kan du høyre på Youtube eller Spotify.

søndag, oktober 23, 2011

Autumn in New York


...og på Sunnmøre. Biletet vart knipsa på tur i dag, i mildt og fint haustvér.
"Autumn in New York" kan du for eksempel finne her.
(Takk til Ingvild som gjorde at eg oppdaga denne plata!)

lørdag, oktober 22, 2011

Laurdagssysler






Ei nymalt og lyseblå lita hylle og tilsvarande bord står i kjellaren og tørkar, eit vottepar har fått festa alle lause trådar og er klar til bruk. Ein spasertur og fine kaffipausar har eg også fått lagt inn denne laurdagen. Slik skal det vere!
 
Ravelry-link til Hugin& Munin-vottane, oppskrifta fann eg her.

tirsdag, oktober 11, 2011

Vottar med granbar



Det kan kanskje synest som om bloggen min har blitt ein rein strikkeblogg, og det var eigentleg ikkje meininga. Men eg er inne i ein skikkeleg strikkestim om dagen, og då vert det berre slik. ;)
No er det granbarvottane mine som er ferdige. Som eg fortalde tidlegare, er dei strikka etter mønster frå Selbuvotten. Eg likar mønsteret godt, og er forsåvidt fornøgd med vottane, men eg merka at det var mykje vanskelegare å få eit jamt resultat med Hifa 2 enn med tjukkare og glattare garn, som eg har vore van med å strikke selbuvottar i tidlegare. Litt irriterande, men det vil kanskje bli mindre synleg når vottane kjem i bruk og tovar seg litt? Dei vert i alle fall gode og varme til vinteren.

Tips for ekstra varme: Putt eit hanskepar inn i selbuvottane, så bles ikkje vinden så lett gjennom dei.

søndag, oktober 09, 2011

Roggbif...





Raud, oransje, gul, grøn, blå, indigo, fiolett.

To regnbogegensrar vart det. Då Minsten såg genseren eg heldt på å strikke til Storebror, bestilte han seg ein, han òg. Så var det ikkje anna råd enn å strikke ein til. Begge gensrane er litt store enno, men så varer dei ekstra lenge. Og mottakarane er svært fornøgde. Eit tilfredsstillande strikkeprosjekt, med andre ord.

Ravelry-link nr. 1.
Ravelry-link nr. 2.