Det flaskar seg!
Det fjerde lyset har vore tent eit par dagar, også på kjøkkendørtavla vår, og no er jammen adventstida snart til ende.
I dag bretta eg opp ermane og tok fatt på støvtørkinga.
Eg kan ikkje seie at støvtørking er det kjekkaste eg gjer her i verda, men med julemusikk i bakgrunnen og mann og barn plassert i ein annan ende av huset, var det nesten så eg kosa meg med arbeidet - i fred og ro. Og reint vart det i alle fall.
Julestrømpene eg kjøpte av Borghildpia i fjor er på plass att. Er dei ikkje fine?
Og julekrybbefigurane våre har alt vore på vandring eit par veker. Julekrybba laga eg og ungane for to år sidan, og det er SÅ kjekt å pakke den ut att! Dei vise mennene ser ut til å finne vegen til stallen i år òg.
Det same gjer Josef og Maria.
Sauene er nålefilta. Vi har berre to, men eg kunne gjerne tenkt meg å utvida samlinga ein smule.
Her er dei to trivelege gjetarane som har ansvaret for den bittelille saueflokken vår. :)
Vi er altså snart i mål. Eg ser at juletrea er i ferd med å bli pynta rundt i bloggheimane, og eg gler meg til i overmorgon, då skal vårt tre inn. Snart, snart!
Medan eg ventar, tar eg ein pust i bakken og ser denne filmen for å minne meg sjølv på kvifor vi feirar jul. Ikkje som ein tilfeldig fest i mørketida, sjølv om jula er eit kjærkome abrudd i ein lang vinter, men for å feire at Jesus kom til oss som eit lite menneskebarn! Det er eg evig takknemleg for!