måndag, november 29, 2010

Kaldt
Det er jammen kaldt om dagen! Stove og kjøkken kjennest som ein fryseboks om morgonen sjølv om varmepumpa i gangen har jobba på spreng medan vi sov. Slik er det å bu i eit gamalt og trekkfullt hus, gitt. Då er det berre å hive på seg lag på lag med ull og få igang vedomnen fortare enn svint! Men når varmen smyg seg ut i romma, og sola etterkvart kikar forsiktig over fjelltoppane og inn gjennom vindauga våre, då er det fint med vinter.

Det blir vel litt varme av stemningsbelysning også, så eg fyrer stearinlys det eg kan! ;)

Ha ein god måndag.

søndag, november 28, 2010

Advent!

1. søndag i advent! Vi ligg litt etter med tenning av det første lyset, då dei største ungane har vore på overnatting og eg har lyst å vente til dei kjem att. :) Men adventsstaken er på plass.

I år var den lilla sløyfa eg har brukt å knyte rundt eit av lysa borte vekk, så eg måtte lage ei erstatning for å få litt farge på adventsstaken. Eit lilla hjarte laga av filt med ein "gluedot" på baksida gjorde susen.

Julepynten får ikkje kome fram enno her hos oss, men sviblar, amaryllis og lykter vert kategorisert som vinter-/adventspynt og gjer ventetida koseleg og stemningsfull. Når eg kjøper løkblomster, tar eg dei inn i varmen og lyset på litt forskjellige tidspunkt, slik at det er stadig nye som er i blomst.

Ja, då er ventetida igong. Eg vil starte den med å lytt til vakker musikk. Til dømes "I en steingrå vinter" med Sissel og Odd Nordstoga. Video her.

"Jeg er svak og fattig, hva kan jeg gi til ham?
Hvis jeg var en gjeter, da gav jeg ham et lam,
og var jeg rik og vis, da fikk han velge fritt.
Men jeg er bare meg, jeg gir ham hjertet mitt!"

God søndag! ♥

torsdag, november 25, 2010

♥-leg



I Eplabutikken min finn du no mjuke hjarte å pynte hus og heim med. 
Du er hjarteleg velkomen til å ta ein titt! :)
Biscotti igjen

I fjor fann eg ei oppskrift på biscotti som heiter "Verdens beste biscotti", og eg trur faktisk det stemmer! Oppskrifta fann eg her, og eg har plassert den trygt og godt i kokeboka mi, slik at eg ikkje skal rote den vekk. I dag laga eg og Minsten duftande, velsmakande kakebitar. Vår variant har ikkje sitron, men mørk sjokolade og mandlar. Namnam!

No ligg dei på rist på kjøkkenbenken, og når dei er heilt tørre, skal eg putte dei i norgesglas slik som i fjor. Ja, dei som ikkje alt er oppetne, då! ;)

søndag, november 21, 2010

Juleduft i eplabutikken



I helga har eg jammen brukt symaskina igjen! Den har vore litt lite brukt eit par månader, men no fekk eg endeleg gnisten, og laga nokre juleduftposar. Kanel, stjerneanis, nellik og kardemomme....mmm! Det duftar jul! Duftposane kan kjøpast her.

tysdag, november 16, 2010

Stjerneklart!


Då er eg igong med stjernebretting igjen! I fjor fekk eg endeleg taket på teknikken (meir om det + link til framgangsmåte her), og eg vart hekta! No er det altså på'an igjen. I går kveld såg eg gjennom papirbunkane mine i jakt på brukande papir. Papiret bør vere litt stort, slik at stjernene ikkje vert for små (A3 kutta på langs i 1,5 cm breie strimler er fint, synest eg), og eg hadde lyst å ha noko med litt farge på. Det var det imidlertid dårleg med i lageret mitt. 
Men så kom eg over dette biletet på flickr, som viser stjerner bretta av papir malt med vassfarge. Så lurt - og fint! 
I dag sette eg og Minsten oss til med vassfargar og A3-papir, som vi måla på begge sider. Var litt spent på om papiret ville bli for tørt og sprøtt å arbeide med, men det fungerte bra. Så her skal det klippast og brettast! 

Brett ei stjerne du òg, då vel! :D

måndag, november 15, 2010

Det lakkar og lir...

...mot desember. Eit par korte veker no, så er vi der. På laurdag var vi på handel og er dermed snart i mål med årets julegåver. Veldig fornøgd med det! Sviblane var på plass i butikken, og på Indiska vart eg freista til å kjøpe med meg ein litt julete kaffi smakssett med kanel. Juleduft...mmm! 
Tips: Eg synest det vert for mykje smak dersom ein traktar kaffien på berre "spesialkaffi", og brukar heller ei spiseskei av denne + 5-6 skeier vanleg filtermalt kaffi til ein liter vatn. Akkurat passe!

Som de ser ladar eg også opp til advent på bokfronten; "Julefryd" er på plass på bordet. Og så les eg "Men jeg så ham dø" av Lloyd C Douglas, som forsåvidt ikkje har noko direkte med advent å gjere, men den handlar om han som er hovudpersonen i jula (...og det er ikkje julenissen!!). Anbefalast!

Litt barnekunst i dag òg, eller barnebrukskunst, må eg vel heller kalle det. Fint, kva? Og heilt brannsikkert. :)
Og så denne...men den må vi visst spare til vi kjem litt tettare på jula. :)

God måndag!

tysdag, november 09, 2010

Med lys og lykte...

Ja, for lys må ein ha i november...!

I går fann eg endeleg ein lur plass å henge den fine blomsterpottehaldaren min. Den er gamal, rusta og sjarmerande, og eg har fått den av ei veninne. Men den har liksom ikkje funne seg heilt til rette - før i går. "Pling", sa det i hovudet mitt då eg kom på at eg kunne bruke den som lyshaldar rett innfor porten.
 Eg kunne kanskje hatt eit litt finare glas til telyset, men det får eg finne ein annan dag.

I alle fall gjorde det seg med eit lite blikkfang på den store leveggen. Ekstra bonus: dette ser ein frå kjøkkenvindauget, så vi har glede av det både ute og inne.

Når eg først var igong ute, måtte eg sjølvsagt flytte litt rundt på krukker og kar også. Den stakkars lyngen har tørka aldeles, men er fin likevel.

Og kva skulle vi gjort uten buksbom til å lyse opp i vinterhagen? Den er verkeleg ein takknemleg plante å ha med å gjere!

Vi tenner våre lykter...

Det var fleire enn eg som hadde laga lyktepynt i hagen, så her var rett triveleg utfor døra i går ettermiddag! Og i dag trur eg vi må lage islykter. 

Jajaja, vinteren er fin! Gå forsiktig på glatta! :)

måndag, november 08, 2010

Når Kong Vinter kjem og legg det kvite teppet sitt over landet vårt...

...må vi ikkje gløyme dei små venene våre ute. No er det ikkje lett for dei å finne mat på eiga hand! Og så er det jammen kjekt for oss òg, å kunne studere fuglelivet gjennom vindauget! No har fuglane blitt så tamme at eg kan stå tett på dei og fotografere. Stas! :) Det fine fuglebrettet med tak på fekk vi til jul i fjor, og det er flittig i bruk.

I tillegg brukar eg å lage meisebollar. For nokre år sidan høyrde eg at meisebollar med netting på (slike som er til salgs i butikken) kan skade tunga/munnen til fuglane. Om dette stemmer veit eg ikkje, men for sikkerheits skuld lagar eg dei sjølv. Det er både enkelt og kjekt, og så slepp eg å sjå den grøne nettingen ute i treet vårt. ;) Eg smeltar delfiafett og blandar i fuglefrø. Mesteparten er solsikkefrø, då det visstnok er desse som fell best i smak blant fuglane som besøker oss. Dei andre frøa kastar dei berre på bakken...! 

Fett-/frøblandinga heller eg i plastglas. Så knyter eg snøre på små trepinnar (kongler med hyssing på fungerer også supert), og stappar pinnane ned i blandinga medan det enno er flytande. Så er det berre å setje glasa kjøleg til fettet er stivna.  

Før eg henger meisebollen ut, plukkar eg sjølvsagt av plastglaset. Ferdig!

Og så er det berre å nyte synet av lukkelege pip-pipar! :)

søndag, november 07, 2010

Kunst

Eg synest det er veldig kjekt når ungane overraskar med kunstverk som berre dukkar opp her og der i huset. Nå ja, penneteikningar på møblar og liknande er ikkje så kjekt, men når kunsten ikkje er permanent, i alle fall. Her eine dagen dukka det opp eit festleg fjes på veggen bak spisebordet vårt; ei maske laga av ein papptallerken. Det var Vesla som var kunstnaren bak, og det var ho sjølv som plasserte kunsverket der. Og mor sjølv er svært glad for dette nye blikkfanget. :)

laurdag, november 06, 2010

Som sagt...

...nye ullplagg må til innfor vinteren. Litt lagar eg sjølv, men noko må kjøpast ferdig òg. Og eg er ein av dei trufaste kundane til Nøstebarn - år etter år. Det begynte med nokre naturkvite, mjuke ullklede til Storebror då han var baby, og dermed var eg hekta. Dei siste åra har Nøstebarn vore flinke til å lage ullplagg i fleire fargar enn berre naturkvit. Nokså praktisk, med tanke på flekkar.

Også til oss vaksne lagar dei fine, gode gensrar og toppar, og sjølv bur eg i mine frå hausten og til langt utover våren. Og gjerne også på hustrige sommardagar. Eg likar særleg godt plagga som er i ull/silke, då desse er litt meir slitesterke enn rein ull, men vi brukar begge deler. Uansett; klede i ubehandla ull er nydeleg å gå i!

I går kom mellom anna fine lilla plagg til meg og Vesla, og eg satsar på å få strikka ein tunika til Vesla av det fine lilla og grå garnet - berre eg får eit anna prosjekt av pinnane først.

I dag har eg forsåvidt god til til å ta strikkepinnane fatt; Storebror er ikkje heilt i form, så eg og han tuslar rundt her heime medan dei andre er på vift. Vi har det eigentleg nokså koseleg! :)

God laurdag til deg!