Ein oktoberettermiddag i hagen
I forgårs tok eg med meg kameraet ut medan ungane leika i hagen. Véret har vore snodig i det siste, det har nesten vore sommar, med opp mot 20 grader og fønvind. Slik var det denne ettermiddagen også, og eit tjukt skydekke gjorde at det ikkje vart skikkeleg lyst ute, sjølv midt på dag.
Haustfargane har gjort seg meir og meir gjeldande, og det er nydeleg å kunne nyte dei i opphaldsvér!
Hostaen vert skikkeleg fargesprakande om hausten...
...og det blir også årets nyplana tre i hagen vår; hjertetreet. Enno har det eindel grøne blad, og eg fyl spent med på utviklinga etterkvart som fleire og fleire av dei fint forma blada vert gule og oransje.
Buksbomen er imidlertid fin og grøn, kjekt å ha litt vintergrønt også rundt huset.
Pyntekålen er nok eit fargestrålande innslag rundt inngangspartiet. Eg blir meir og meir glad i pyntekål!
Bordet på uteplassen får stå ute ei stund til. Sjølv om det nok vert lite brukt framover, gjer det ein god jobb som dekorativt innslag der ute.
Japp, det var ein liten rundtur ute hos oss. Véret er bra i dag òg, det (etter eit forrykande uvér i natt...!), så vi må skunde oss ut og nyte det.
God torsdag!