onsdag, september 29, 2010

Lyspunkt

Det passar bra med litt fornying på lysfronten no når vi går mot tider med mørke haustkveldar. To av tinga som vart med frå Danmark fell inn i denne kategorien; ein englelysestake (Bengt & Lotta) og ein telyshaldar (Anne Black). Saman med den fine orkidéen eg fekk av yngste bror min til gebursdagen min tidlegare denne månaden, vart brettet på spisebordet vårt litt nytt å sjå på.

måndag, september 27, 2010

Å ja...

Eg har hatt nokre HERLEGE dagar. Forrige torsdag sette eg og mannen oss på flyet for å ha ei langhelg i København (som fleire av dykk gjetta). Berre vi to! Ikkje akkurat kvardagskost! ;) Vi har berre såvidt vore innom København for mange år sidan, og etter å ha lese begeistra reiseskildringar både her og der - og der, hadde eg høge forventningar. Mannen hadde også noko å gle seg til, byen har jo tivoli, må vite! ;)
Vel framme installerte vi oss på eit hotell like ved Hovedbanegården, der vi hadde utsikt til ein fredeleg og sjarmerande bakgård. (Tips: Coop hotellkupp: 3 netter med frokost = 2098 kr)

Og så var det berre å begynne å utforske byen. Vi traska gatelangs i behageleg tempo, gate opp og gate ned, stoppa for ei matpause når det passa oss. Og eg fekk sjå ved sjølvsyn at det ikkje er nokon overdrivelse at sykkelkulturen blomstrar i Danmark sin hovudstad! Aldri før har eg sett så mange flotte syklar på så kort tid!

Eg vart aldeles begeistra for alle dei fine bakgårdane, og kika spent inn kvar gong vi passerte ein. Sjå den flotte fargen på veggen i denne bakgården! Og dei grøne plantene – og syklane – og brosteinen! *sukk*

“Tre små kinesere på Højbro plass…”

Ein tur med kanalbåt fekk vi også med oss, ein fin måte å sjå byen på. Og så fekk føtene kvile litt! :)

 

Litt shopping vart det, men mindre enn eg hadde forventa. Det var ikkje mangel på fine butikkar som gjorde det, heller at det er begrensa kor mykje ein har bruk for og plass til heime. ;) Akkurat desse gamle lysturkise barnestolane skulle eg gjerne hatt med heim, men dei ville nok ikkje fått plass i kofferten! Dermed måtte eg nøye meg med eit foto.

København er flott også på kveldstid. Tivoli glitra etter at sola var gått ned, og under desse asiatiske lyktene kjøpte vi oss ein kakao for å halde varmen.



Kaffe på Café Europa – lun og koseleg stemning.

Men jammen er det godt å kome heim òg. Når ein flyg inn over den norske fjellheimen bada i sol, er det nesten så ein får klump i halsen. Særleg når ein veit at ein snart skal heim og halde ein liten plugg på snart to år som aldri har vore så lenge vekke frå mamma og pappa før! Ungane hadde heldigvis hatt det tipp topp, akkurat som vi. Og eg ser ikkje vekk frå at det kan bli fleire turar til København med tida!

Gjett...


Gjett kva for ein by eg har vore i dei siste dagane! :)

søndag, september 19, 2010

Regnvåt søndag


- med glimt av sol.

søndag, september 12, 2010

Pause


Eg er berre innom for å fortelje at eg har tatt meg ei aldri så lita bloggpause. Eg kjem sikkert på besøk i bloggane dykkar innimellom, og så kjem eg sterkare tilbake her i min eigen blogg etterkvart.

So long...! :)