søndag, august 29, 2010
laurdag, august 28, 2010
onsdag, august 25, 2010
fredag, august 20, 2010
tysdag, august 17, 2010
Siste rest...
No nyt ungane siste rest av skuleferien. Ein einaste dag er det att av det som for eit par månader sidan verka som ei uendelegheit av tid! Heldigvis har véret vore godt nokre dagar, og vi nyt å kjenne litt sommar før hausten kjem. Men "skulestartlufta", den er her. Eg synest nesten eg kjenner duft av nye skinnpenal, blyantar og stive, blanke boksider når eg stikk nasen utfor døra. Men det er berre hausten som lurer rundt hjørnet. Snart er det eplekakesesong. Og eg gler meg. :)
PS. Rundstykka vi kosa oss med ute i dag, finn du oppskrift på her. :)
søndag, august 15, 2010
In Christ alone!
Dersom du vil ha med deg ein fantastisk flott sang i dag, sunge av Brian Littrell, finn du den her. Siterer og signerer brukaren som har lagt den ut på Youtube:
“May this be your song as well as mine!”
fredag, august 13, 2010
Kunst og handverk - summer edition
Når sommaren er her er det fint å ta målarsakene med utandørs. Friluftskunst!
Kjekt når alle ungane entusiastisk benkar seg rundt bordet med kvart sitt målarskrin!
Det er om å gjere å nyte stunda, for plutseleg vert enkelte distrahert av latter på ei trampoline i nærleiken, og borte vekk er dei...
Men eg og Minsten kosar oss leeenge. :)

Og kunsten får soltørke i vårt trivelege utandørs kunstatelier.
Her er også eit utslag av sommarleg kreativitet. Storebror vart inspirert av eit bilete i ei hobbybok og laga båtar til seg sjølv og til søskena sine. Mor smelta aldeles, sjølvsagt. ♥
God helg!
onsdag, august 11, 2010
Bollebakedag
Regnvér er perfekt bollebakevér. Etter formiddagsturen vår vart det litt kjedeleg her, og ei gjærdeig vart redninga. Vi brukte rosinbolleoppskrift frå denne boka (…som forøvrig er ei av dei finaste bakebøkene mine). Yum!
tysdag, august 10, 2010
Ang betalingsalternativ i Haustbutikken...
No har eg endeleg fått somla meg til å leggje inn "privat oppgjer" i butikken min på Epla. Det vil seie at dersom du ikkje vil bruke Paypal som betalingsløysing, kan du velgje "privat oppgjer". Når ein ordre med denne løysinga er registrert, sender eg kunden ein e-post med kontonummeret mitt. Varene vert sendt så snart eg ser at pengane er komt på kontoen min. Easy peasy. :)
fredag, august 06, 2010
Så vart det endeleg litt sommar...
...med sol som lokka oss ut døra for å...
...gå med nakne føter på solvarm skifer...
... henge ein nyvaska bluse til tørk i mild sommarvind...
...stikke nasen djupt ned i ei rose og kjenne at det luktar søtt...
...gle seg over synet av veden som karane har stabla opp bak huset...
...sitte ei stund på den nye hagebenken (lurt å handle på seinsommarsalg!)...
...og berre nyte livet!
I skrivande stund har det faktisk skya til att, men vi mistar ikkje motet av den grunn.
Vi skal ha ein flott sommardag, og det håper eg du òg skal! :)
tysdag, august 03, 2010
Kosar meg!
Ferien går sin gang, og eg kosar meg! Ettersom véret ikkje har vore tipp topp i det siste, har det vore god tid til å slappe av med innesysler. Sy...
...lese...
...planlegge og kjøpe litt nytt til haustgarderoben via nettet...
...og strikke litt nytt til den same garderoben.
JA, eg kosar meg! :)
Og handlenettet på det første biletet kan bli ditt, du finn det i butikken min.











































