Stort og smått
Stort:
Vindmøller i havgapet. Eg skal ikkje gå inn i debatten om vindmøller langs norskekysten, eg berre konstanterer at dei sanneleg er imponerande og elegante, der dei står. Eg har aldri vore på kloss hald med vindmøller før, men i dag fekk eg sjangsen, og knipsa dette biletet.
Smått:
Det er kanskje lite samanlikna med vindmøllene, men det er likevel stort for meg:
Å finne den første Sarah Bernard-peonen i blomst i hagen vår. Denne har eg venta på! Og eg konstanterte raskt at vi må skaffe oss ein til. Slik at vi har ein å plukke i hus av, og ein som berre skal vere til glede utandørs.

Eg har fleire små gleder i hagen, eg! Oldemorrosa (arvegods frå oldemor sin hage) har såvidt starta blomstringa si…
…og rosa Lykkefund, som klatrar på det nye gjerdet vårt, står med hundrevis av knoppar. No er det er liiiike før!
Og denne favoritten smeltar hjartet mitt når den vandrar ned i trappa og viser den fine lilla fargen sin mot grå skifer. Sukk… :)
Mange små og store sommargleder altså! Håper du har hatt ein glad dag!