onsdag, juni 30, 2010

Iris


Dårleg stell får den, stakkar, null gjødsel eller pleie av noko slag (…eg har jo så og seie gitt opp prosjekt blomsterbed). Likevel kjem den trufast att år etter år, og eg vert like forundra og imponert kvar gong. Er den ikkje vakker?

tysdag, juni 29, 2010

Kortreist mat


Eg tar på støvlar og går ut i vått gras for å hente...

I put on my boots and go out in the wet grass to collet...



...tre stilkar knasande rabarbra. Av med støvlane og inn på kjøkkenet. Stilkane vert vaska, delt opp i bitar og putta i ei gryte saman med ein liten skvett vatn. Når rabarbraen har gått i oppløysing, tilset eg sukker og ein dæsj kanel.

...three stems of crisp Rhubarb. I leave the boots on the doorstep and go back into the kitchen where I rinse the stems, cut them up and put them in a casserole with a little bit of water. Then the Rhubarb is soft, I add some sugar and cinnamon.


Så har eg verdas beste syltetøy til brødskivene mine! Dette er sanneleg kortreist mat! :)

Now I have the best jam in the whole wide world for my bread! Locally produced indeed! :)

måndag, juni 28, 2010

Vimpelfeber


Det var jammen kjekt å sy vimplar! Eg trur faktisk eg kanskje er i ferd med å få vimpelfeber. ;) Kjekt å boltre seg i fargar, setje saman nye og gamle stoff og sjå at kombinasjonane fungerer.

It is so much fun making bunting! I love choosing the colours, mixing old and new fabric and seeing that the combinations work well together.




Denne vimpelrekka har tatt vegen inn i Eplabutikken min, men eg var så fornøgd med fargane at eg er i gang med å sy ei lik til meg sjølv også. Og fleire variantar vert det sikkert etterkvart.

This bunting was made for sale, but I immediately started making another one for myself, as I like the colours so much.




Med eit foto frå i går, som var ein perfekt dag med god tid til å nyte livet i hagen, ynskjer eg deg ei god veke!

With this photo from yesterday, which was a perfect day with lots of time to enjoy life in the garden, I wish you a wonderful week!

fredag, juni 25, 2010

Vimpelproduksjon


I går begynte eg på noko eg har hatt lyst å lage lenge, men som har vorte utsett og skubba bak i køa til fordel for andre prosjekt - i fleire år. Kvar gong ein av ungane har hatt gebursdag, har eg sukka for meg sjølv og tenkt: "...så vart det ikkje vimplar til selskapet denne gongen heller." Men no, NO vert det vimpelpynt! Vesla feirar snart år, og eg har sydd ei vimpelrekke i fine pastellar som skal hengast opp som dekorasjon enten det vert selskap inne eller ute. Fargane er kanskje litt jentete, så eg må antakeleg sy ein variant til neste gute-gebursdag også. Og kanskje nokre til eplabutikken? Vi får sjå. :) Bilete av dei ferdige vimplane kjem etterkvart.

Ha ei god helg! :)

Yesterday I started making something I've been wanting to make for a long time, but it has been pushed back in the line in favour of other projects - for years. Every time we've been celebrating one of the children's birthday, I've missed having some colourful bunting to decorate with. And now I've made one! Our daughter's birthday is coming up, and I made a bunting in pretty pastel colours, and I'm going to use it whether the party is going to be inside or outdoors. The colours are perhaps a little girly, so I'll probably have to make another one for the next birthday coming up. I'll show you the result after the birthday.

Wishing you all a lovely weekend! :)

onsdag, juni 23, 2010

Hm...


Eg spekulerer på om eg snart skal finne fram kvit spraymaling og gjere eit forsøk på å friske opp denne korgstolen ein smule. Stolen er eit grøftekantfunn frå nokre år tilbake, og den er heilt super, bortsett frå at sidene og baksida er delvis grønmalt...! Det ville gjort seg med ein liten makeover, så eg trur eg må skride til verket - snart. Må berre psyke meg opp litt til først! ;)

I am wondering if I should dig out the white paint and give this wicker chair a little makeover. I found the chair along the road a few years ago, and I love it – except from the green colour at the sides and on the back! I’ll see if I can do something about it in the near future!

tysdag, juni 22, 2010

Smulefritt


Smulefritt og nyvaska kjøkkengolv - så lenge det varer! ;)

The kitchen floor is clean - as long as it lasts! ;)

søndag, juni 20, 2010

I dag...




...fekk eg sommarkjensle!

Ein sommarlåt kan passe bra. :)

Today summer was here!

laurdag, juni 19, 2010

Bryllupsfest


Klart vi må feire vi óg, når det er kongeleg bryllup i nabolandet! Pavlovaen kom på bordet, og vi studerte og kommenterte den vakre bruda, fjonge kjolar og frisyrer. Stor stas! :)

Of course we must to celebrate, when there's a royal wedding in our neighbour country Sweeden. We ate pavlova dessert and watched and discussed the beautiful bride, the pretty dresses and hairdos. Wonderful! :)

fredag, juni 18, 2010

Ved kjøkkenbordet ein regnvérsdag


Det regnar og regnar - og regnar. Søkkvåte etter ei økt utandørs gjekk vi inn og steikte vafler. Det var det god hjelp i!

It is raining cats and dogs. We were soaken wet after a trip outside, and went back inside to bake waffles. There’s a lot of comfort in waffles!

torsdag, juni 17, 2010

Til samlinga mi…

I går var eg innom denne nydelege butikken, og der vart eg freista til å kjøpe med meg ei rosa kanne. Er ho ikkje fin? Eg har lett for å verte begeistra for kanner og er vel i ferd med å få meg ei lita samling, men det er slett ikkje dumt å ha fleire å velgje i, særleg no om sommaren. Den kvite skåla vart også med heim, skåler får eg visst heller ikkje nok av. :)

Yesterday I went shopping, and I bouhgt this beautiful pink pitcher. Isn’t it lovely? I have a growing collection of pitchers, and I really like having several to choose between. The white bowl also went home with me, I can’t get enough bowls either. :)

Her er ei av dei andre kannene mine i bruk på stovebordet. Nydelege knallrosa rhododendron lyser opp i stova. Rhododendron i denne fargen har eg ikkje sjølv, men eg er blitt lova eit rotskot av den, så om nokre år håper eg å kunne plukke den inn frå eigen hage.

This is one of my other pitchers, containing flowers on the coffee table. Gorgeous Rhododendron add colour to our livingroom.

Ha ein god torsdag!

Nytt i butikken

Eplabutikken min er oppdatert med to sommarlege pungar. :)

måndag, juni 14, 2010

Saftig grønt


Det er fantastisk så friskt og grønt det vert ute etter nokre dagar med sommarregn! Eg fekk inspirasjon...

 
...og laga eit par syrleg grøne pungar i retrostoff. Du finn dei i eplabutikken min. :)

laurdag, juni 12, 2010

Regnvérslektyre

Denne boka skal eg verte kjend med i kveld. Gler meg! :)

It is still raining, and I’m enjoying a new book.

fredag, juni 11, 2010

Det er grått og vått…


…og er eigentleg bittelitt glad for at det kom regn. Eg har eit par nyplanta syrinar i hagen, og dei takkar ikkje nei til litt væte rundt røtene sine. Medan eg sit tørt og godt under tak, sorterer eg bilete frå gårsdagen.

The morning has been grey and wet, but I am a little bit happy that we got some rain. I have planted two new Lilas in the garden, and they need the rain. While I sit dry and comfortable inside, I edit my photos from yesterday.

10jun

                                                                       
Då skein sola varmt på oss som sat i fjøresteinane og leika med spade og spann, fiska etter krabbe med klessklype på snor og kjende klukkande saltvatn mellom tærne (varmt, synest enkelte - kaldt, synest eg). Sjokoladekjeksa var smelta og safta lunka, men det var det ingen som klaga over. Endeleg vart det sommar!

Yesterday the sun was shining on us while we played at the beach, looked for crabs and felt the salt water between our toes (someone thought it was warm, I thought it was rather cold…). The chocolate biscuits were melted and the limonade got lukewarm, but nobody complained. Summer was finally here!

10jun101


Eg trur ikkje syrinane mine har noko imot litt meir sol heller, så eg håper det ikkje er altfor lenge til ho er her igjen!

I don’t think my Lilacs would mind having some more sunshine either, so I hope it will come back soon!

onsdag, juni 09, 2010

Kveld


Vi har travle, men kjekke forsommardagar. Det vert sanneleg ikkje kjedeleg med ungar i hus! :) Eg skal ikkje nekte for at det er godt når kveldsroa senkar seg og det vert heilt stilt i heimen. I kveld tusla eg meg ut i hagen i fred og ro for å hente inn ein ny bukett til bordet. Dei første lupinane var såvidt utspungne – endeleg! Lupinar er kanskje ei pest og ei plage ute i den norske naturen, men eg er glad for å ha dei på bordet mitt likevel. Og dominobrikkene som nokon har leika med her tidlegare i dag var så koselege å sjå på at dei får ligge litt til.

Nyt det som er att av kvelden! :)

Our early summer days are buzy, but good. It never gets boring with children in the house! :) But I will not deny that it is also wonderful when our home gets calm and quiet in the evenings. Tonight I went out into the garden to bring inside new flowers. The first Lupines of the year are blooming – finally – and I love having them on our table.

Enjoy what is left of this Wednesday in June! :)

søndag, juni 06, 2010

Herleg helg


For ei flott helg! Laurdagen inneheldt morgonsol med leik og avslapping i hagen, og selskapelegheiter (konfirmasjon) om ettermiddagen. Søndagen har vore ei god blanding av slaraffenliv, sykkeltur, skogstur, høgtlesing og kos. I ettermiddag baka vi også rabarbrapai, og oppskrifta får du her:

250 g kveitemjøl
125 g smør/margarin
125 g sukker
1 egg
1 ts bakepulver

Bland det tørre, og smuldre i smør/margarin. Kna i egget. Dersom deigen skulle bli for tørr, kan du ha i ei teskei eller to med vatn, men kna ei god stund for å sjå om det er nødvendig. Trykk deigen ut i ei paiform.

Fyll:
1/2 - 3/4 l rabarbra i bitar
1-2 dl sukker
1 ss potetmjøl

Bland godt saman sukker og potetmjøl, og bland i rabarbraen. Fordel fyllet ut over paibotnen.

200 grader i ca 30 minutt. Server med vaniljeis. Nyt! :)

What a lovely weekend! On Saturday we enjoyed the morning sunshine in our garden, just playing and relaxing. The rest of the day was spent in a confirmation reception. Today we have been taking it easy around the house, but we also went on a short bike ride and a little walk in the woods. And the rhubarbs were ready to be eaten, so I made a rhubarb pie for the afternoon coffee. Wonderful! :)

onsdag, juni 02, 2010

Uteplassen


Då vi kjøpte huset vårt, sakna eg ein skikkeleg uteplass i hagen. Her var grasplen over stort sett heile tomta, og første somrane sat vi og vagla på plenen (som forøvrig er ein smule kupert...) når det var vér til å sitje ute. Ting tar tid, og særleg når ein har småborn i huset, men etterkvart har både uteplass med belegningsstein og levegg komt på plass. I år får leveggen farge, og eg synest jammen det har blitt nokså bra! :)

Rundt uteplassen har vi rikeleg med løvetann og skvallerkål, men vi trivst likevel! Eg har eigentleg berre gitt opp å plukke med blomsterbed ettersom skvallerkålen tar knekken på det meste her, og satsar heller på roser og andre fine busker og tre. Gler meg til rhododendron, syrinar og magnolia får litt meir størrelse og fyller meir i hagen! Og så må eg skaffe med nokre store potter til blomstrar.

When we bought our house, I missed having a patio in our garden. We had to sit on our (quite uneven) lawn when the weather was good enough for outdoor meals. With small kids such projects can take some time, but finally our patio is finished, and I love it!

Now I’m looking forward to see the bushes and trees we have planted growing bigger. We’ve got roses, lilacs and magnolia, but they need some time to fill the garden. I also need to get some big flower pots for the patio.

Men tilbake til uteplassen. Møblane vi har her er ei blanding av bruktfunn og møblar frå Jysk. Eg må visst forresten sjå å få det store bordet vårt ut frå vinteroppbevaringa i kjellaren. Sommaren kom så brått på! ;)

The furniture on our patio is a mix of old and new.


Mot sør har vi fortreffeleg utsikt mot fjell og fjord. Og i bakkant veks rabarbraen. No er det straks tid for rabarbrapai, tenkjer eg...

To the south we have a view against the mountains and the fjord. Above the patio we have rhubarb growing. I think I’ll soon have to make rhubarb pie…


Årets nyanskaffelse på uteplassen er eit nydeleg bålfat. Gler meg til lune, vindstille sommarkveldar med flammar i bålfatet!

Jaja, det var uteplassen. Så får vi berre håpe at det vert vér til å bruke den. Det var meldt sol til helga, får satse på at dei har rett. :)

God onsdag til deg som er innom!

This year I have bought this beautiful outdoor fireplace. I’m looking forward to use it in quiet, warm summer nights!

Now you’ve seen our patio. I just hope there will be weather to enjoy it soon. They say there will be sunshine this weekend, I hope they are right. :)

Have a beautiful Wednesday!

tysdag, juni 01, 2010

“Blomster små; gule, blå...”


”…titter opp av marken nå…”
Hugs å plukke deg ein bukett eller to. :)

Ha ein finfin tysdag!

Flowers pop up everywhere these days. Remember to pick some and bring them inside! :)