Dagens kaffe...
Eg prøver ut ulike sortar kaffe. Spanande! Oftast drikk eg vanleg filterkaffe (eller evt. ein latte laga med Bialettien og melkeskummar), men innimellom er det koseleg å skeie ut med fersk spesialkaffe til presskanna. Ein pose nykverna kaffe duftar himmelsk! Så langt er Blå Java ein favoritt, men den siste eg kjøpte, Monsoon Malabar, er heller ikkje verst når eg berre laga den sterk nok. Neste gong trur eg at eg vil prøve denne.
Har du ein kaffefavoritt?


































