måndag, april 26, 2010
Ei bloggtørke kom brått og brutalt over meg, slik den brukar å gjere innimellom. Likevel knipsar eg trufast mine 365-foto, og håper at lysta til å blogge dukkar opp att snart. I mellomtida riggar eg meg til i sofaen med “Anne fra Bjørkely”, og med vårregn mot vindauget som bakgrunnsmusikk. Slett ikkje verst! :)
Ha ei god veke!
laurdag, april 17, 2010
fredag, april 16, 2010
torsdag, april 15, 2010
søndag, april 11, 2010
Å, så glad eg er i havet sine fargar! Turkis, blå, grøn, blågrøn, djup petrol, lys aqua...! I dag har eg hatt god anledning til å studere desse fargane, for vi har vore ein tur og helst på denne karen. Kjekt med ein roleg søndags ettermiddag på Atlanterhavsparken! Spesielt fascinert er eg over sildestimen som går i ein av tankane der; blinkande sølvfisk i flokk og fylgje, stadig på veg vidare gjennom turkis vatn. Utruleg vakkert!
Eg har hatt ein flott søndag, med andre ord! Kva har du brukt søndagen din til?
Våren har også gjort sitt inntog i sofakroken her i huset. For eit par veker sidan oppdaga eg bloggen rose hip, og dei nydelege putetrekka ho syr inspirerte meg til å sy nokre nye puter i sukkertøypastellar. Fint å ha noko vårleg å feste blikket på medan eg ventar på at plommekvistane på bordet skal sprette ut! :)
laurdag, april 10, 2010
fredag, april 09, 2010
Karsen vi sådde i påska tyt opp av koppen sin, og er no på sitt beste. I morgon vert det brødskiver med egg og karse til frukost! Leverpostei og karse er også ein favoritt. Og så skal det visst vere grueleg sunt! Så då får vi berre trykkje i oss, med godt samvit! ;)
God helg!
torsdag, april 08, 2010
tysdag, april 06, 2010
Orkidéen er blitt nokså vanleg rundt omkring i alle heimar, og det er jammen ikkje rart at den er så populær! For ein og ein halv hundrelapp har ein eit vidunderleg blomsterflor som varer - og varer! (Dei flinke får dei til å blomstre att også, gode tips for å få det til vert mottekne med takk! ) Og den er då berre fantastisk vakker!
Eg har oftast brukt å kjøpe den kvite varianten, men denne gongen vart det ein med litt meir farge. Det trengst etter den lange, kvite vinteren vi har hatt! :)
PS! Eg brukar forresten å "sleppe laus" orkidéane mine, eg synest dei skal sleppe å stå fastklemt med ei klype inntil ein pinne. Dei er mykje flottare i fritt svev! ;)
måndag, april 05, 2010
Det er kjekt med litt lesestoff når ein har ferie, så det passa bra at eg var så heldig å få eit gåvekort i Bokklubben i god tid før påske. Eg skunda meg å bestille ei av bøkene i ønskelista mi (eg har ei laaang ønskeliste liggjande på capris.no!), og den har eg kosa meg med innimellom no i påskedagane.
Boka heiter "the comforts of home", og er berre nydeleg. Den er ei inspirasjonsbok som skal gi idear til korleis ein gjere heimen koseleg og komfortabel - utan å måtte blakke seg. Akkurat slik eg likar det! ;) Nokre av bileta har eg sett før, men ikkje så mange at eg synest det er plagsomt. Og eg blir i alle fall inspirert, både av tekst og bilete!
Den lille buketten som står på kjøkkenbordet vårt vart levert til meg av ei barnehand i går, og må vel absolutt seiast å vere heilt i tråd med bodskapen i den nye boka mi! Heilt gratis, og med massevis av sjarme! :)
søndag, april 04, 2010
Jesus er Kongen min, Guds barn jeg er.
Og om jeg liten er, har han meg kjær.
Han tok meg i sin favn, døpte meg i sitt navn.
Jesus er Kongen min, Guds barn jeg er.
Jesus er Kongen min, mektig og god.
Jeg er hans eiendom, kjøpt med hans blod.
Hender og føtter små, allting skal Jesus få.
Jesus er Kongen min, mektig og god.
Jesus er Kongen min, kjemper med meg
mot alle fiender på livets vei.
Alltid han sterkest er, fyrsten for rikets hær.
Jesus er Kongen min, kjemper med meg.
Jesus er Kongen min, ham vil jeg tro.
Hos ham i herlighet skal jeg få bo,
dele hans rikes glans, for jeg er evig hans.
Jesus er Kongen min, ham vil jeg tro.
Jesus er Kongen min. Si, er han din?
Alle skal kjenne ham. Frelseren min.
Barn i fra alle land til Jesus komme kan.
Jesus er Kongen min. Si, er han din?
Anna Jonassen 1928
Dersom du har Spotify, kan du høyre songen (eller i alle fall 1. vers) her.


























