onsdag, mars 31, 2010

Under construction...


Litt påskepyssel må til! Filt, nål og tråd blir til vårlege fuglar. Dekorerte egg skal det også bli. Etterkvart. Seint, men godt. :)

tysdag, mars 30, 2010

God morgon!


Så kom påskesola! Nydeleg morgonlys gjennom stovevindauga fekk meg til å gløyme kaffikoppen og springe etter kameraet. :)

Ha ein herleg påsketysdag!

søndag, mars 28, 2010

Hurra!

Vi starta påskeferien med stova full av glade barn og stormande jubel då vi i dag feira Storebror som fyller 8 i løpet av ferien. No er det tid for å synke ned i sofaen og slappe av (og kanskje lure seg til å ete eit ekstra kakestykke?) - og kjenne på feriestemninga.

Ha ein fin søndagskveld!

fredag, mars 26, 2010

Aqua & pink


Dette er ein av dei finaste fargekombinasjonane eg veit om! Mildt, blidt og vårleg!

Pungen ligg i eplabutikken.

God helg! :)

onsdag, mars 24, 2010

Så klart...


...at øyrepynten må matche interiøret!?! ;)

I dag har eg eit spørsmål: Er det nokon som veit om nettbutikkar som sel Anne Black sin keramikk?

Ha ein god onsdag!

tysdag, mars 23, 2010

Bittelitt nytt...

I går fekk eg akutt behov for litt fornying i stova. Ikkje den store ommøbleringa, berre eit eller anna som kunne gjere rommet litt nytt og interessant for min eigen del. Ein liten gjennomgang av nokre av kunstverka til ungane gav resultat. Eit bilete som Storebror måla for nokre år sidan kom i glas og rame (ramma stod der frå før), og ved å flytte på eit par andre pyntegjenstandar i blått og turkis vart det litt friskare rundt spisebordet.

22mar1

…og det kosta meg ikkje ei krone! *nikkar fornøgd* ;)

søndag, mars 21, 2010

Her hos meg...


...er det vår! Eg har sett årets første snøklokker i hagen! ♥

fredag, mars 19, 2010

Seinvinterlys:

Kvitt. Mjukt. Roleg.

torsdag, mars 18, 2010

Hurra!


I går kom den nye fotoveska mi i posten! :D Eg har i lengre tid hatt lyst på noko nytt å frakte kameraet mitt rundt i. Den lille klumpen av ei fotoveske som eg har hatt sidan eg kjøpte mitt første speilreflekskamera for 10 år sidan, var meir til irritasjon enn til nytte. Det er liksom berre så upraktisk å gå rundt med fotoveske i tillegg til vanleg veske, og ei alminneleg handveske er ingen særleg trygg oppbevaringsplass for kameraet. Difor begynte eg å leite rundt på nettet etter eit anna alternativ. Eg hadde lyst på ei fotoveske som romma litt meir enn sjølve kameraet - og ho skulle helst ikkje sjå ut som ei fotoveske. Eg likar nemleg ikkje tanken på å gå rundt og sjå ut verken som turist eller pressefotograf! ;) Og etter mykje leiting i inn- og utland fann eg veska mi! Er ho ikkje fin??? :)


Med vannavstøytande stoff og god polstring kan eg trygt ta kameraet med meg på tur, og der er god plass til eit ekstra objektiv, eit par bleiar, mobiltelefon, lommebok og diverse anna stæsj ein har bruk for på farten. Og med mange smarte lommer både her og der, blir det greit å halde orden på sakene.

No er eg klar for tur, altså! :D



Og for den som måtte vere interessert: Veska heiter Mekko CO-917 og er kjøpt her.

tysdag, mars 16, 2010

Zum-zum-zum...





Oppdatert eplabutikk med meir Bambi! Zum-zum-zum (symaskina brummar vidare...)!

måndag, mars 15, 2010

Heime att...


Eg sorterer bilete og inntrykk etter ei helg på familieleir. Biltur gjennom mektig fjellandskap, godt selskap, sang og musikk, skitur, god forkynnelse, leik og moro, bållukt, snoking i koselege butikkar, god mat...og til og med ledige augeblikk til å la strikkepinnane gå! Herleg!


Vel heime var det kjekt å sy litt igjen, eg kosar meg med å lage fleire pungar til Eplabutikken min. To nye er lagt ut i dag, håper å få lagt ut meir i løpet av veka.

Ha ei god veke! :)

torsdag, mars 11, 2010

Godis

Eg kom på at eg ikkje har vist bilete av eit skap som kom i hus her for leeenge sidan. Det er litt kinkig å fotografere då gangen det står i er litt mørk, men i dag fekk eg endeleg knipsa eit bilete av det. Vi fekk skapet av vener av ei av veninnene mine, og etter å ha fått eit strøk kvitmaling og nye dørknottar, passar det perfekt i gangen utfor bad og soverom. Det er ikkje så stort, og dermed glei det rett på plass under hattehylla. Hattehylla er ei gamal hylle som har vore på ein båt, om eg ikkje hugsar feil (eller var det buss??? Må sjekkast opp!), og medisinskapet er loppefunn. Lampen har vi fått av ei eldre dame, forøvig same dame som vi fekk hattehylla av.

Eg er så glad i alle desse gamle tinga! Godis! :)



*Kremt* Og her er litt anna godis. Sjokolade - midt på dagen, midt i veka. Eg trøystar meg med at sjokoladen er litt mørk, i det minste. ;)

God torsdag, med eller utan godis!

onsdag, mars 10, 2010

I dag...


...plukka eg og Minsten vekk fjøra på fastelavensriset. Det vil seie; eg plukka dei av, og han kosa seg med å kaste fjør rundt seg på stovegolvet. Veldig kjekt! ;)



Kvistane vart frykteleg tomme, så eg hengte fuglen vi laga i helga på dei. Der skal den få henge og synge om vår medan regnet silar ned og gjer sitt beste for å smelte snøen.


Og under snøen ventar snøklokkene!

Ha ein god dag der du er!

tysdag, mars 09, 2010

Akk…


Eg har vakre roser, inspirerande lesestoff og ei ledig stund til å nyte begge deler. Eg er heldig!

Lesestoffet fekk eg i posten i går. Emmeline hadde nemleg ein giveaway i bloggen sin forrige veke, og eg vart ein av vinnarane. Premien var ei nydeleg bok om historiske hotell og spisestader i Noreg. Tusen takk, Emmeline, eg storkosar meg! :)

laurdag, mars 06, 2010

Klipp og lim

I dag etter laurdagsfrukosten vart eg og dei to eldste ungane sitjande og bla i eit par bøker som dumpa ned i postkassa her om dagen; "Rollinger & roulader" og "Familientage". Begge bøkene er opprinneleg danske og har stått på ønskelista mi ei stund, men "Familientage" ("Familieliv") var no diverre definitivt utsolgt frå forlaget. Så var det eg oppdaga, via Linn sin blogg, at denne boka fanst i tysk oversetjing, og eg slo til og kjøpte den på tysk. Tysken min er temmeleg rusten, og eg kan ikkje akkurat seie at eg susar gjennom tekstane med lettheit, men heldigvis er bileta minst like viktige som teksten i denne boka. Og så plukkar eg opp morosame ord og uttrykk langsmed, til dømes er no "hübscher krimskrams" ein del av mitt interiørvokabular. ;) Men nok om det...


I alle fall vart vi inspirerte, der vi sat og bladde i desse bøkene, og vi forflytta oss etterkvart til arbeidsrommet der vi laga vår variant av gækkebrev. (Les meir om fenomenet her.) Det var ingen hemmelege avsendarar av våre gækkebrev, men innsatsen var det ellers ingenting i vegen med. Og eg var heldig og fekk eit brev! :)




Ein liten vårfugl vart det også tid til å lage, før turen gjekk til Emmas verden der eg fekk sikra meg ein flott spegel som skal få plass på soverommet vårt når det etterkvart skal pussast opp. (Gler meg!!!)

No er det tid for å slappe av i sofakroken med laurdagsgodt og strikketøy! Ha ein god laurdagskveld!

fredag, mars 05, 2010

Lys!








Vårsola kombinert med all den kvite snøen ute gjer det så lyst inne hos oss at det innimellom nesten verker i augene. Her trengst ingen dagslyslampe – heller solbriller…

God helg! :)

torsdag, mars 04, 2010

Ny utfordring: Spiseplassen


Norske Interiørblogger har sett igong ei ny utfordring, denne gongen spiseplassen. Eg har tatt eit dykk i arkivet og blir med! Her hos oss vekslar vi mellom å ete på kjøkkenet og ved spisebordet i stova.


Kjøkkenet vårt er eit 50talskjøkken utan den heilt store golvplassen, men det koselege lille kjøkkenbordet, som er arvegods, får fint plass.


Eg likar godt kontrasten mellom det mørke bordet og dei kvite stolane. Stolane er også arvegods, og dei er litt spesielle. Dei har nemleg vore kinostolar i si tid, så stolseta kan vippast opp – akkurat som nye kinostolar. :) På nokre av dei kan ein også sjå stolnummeret som er trykt inn i treverket på seteryggen. Artige detaljar, synest eg!

Spisebordet i stova er betrakteleg større enn kjøkkenbordet. Det kan trekkast ut og utvidast med illeggsplater, og egnar seg godt både som arbeidsbord og festbord. Og her er det fint å slappe av med helgefrukosten. Stolane er ei salig blanding av Ikeastolar, arvegods og loppefunn, alle malt i same kvitfarge.

5mar

Jepp, slik ser det altså ut der vi et, fleire spiseplassar finn du her. :)

tysdag, mars 02, 2010

Grått


Det er grått og kaldt i dag. Då får ein finne fargane sjølv! Små og store hender teiknar krusedullar på store ark på kjøkkenbordet, medan vedomnen sørgar for varmen. Det er koseleg, det! :)

...og eg har bestilt abonnement på BoligLiv, som skal få erstatte abonnementet mitt på Vakre hjem og interiør når det no går ut. Eg har abonnert på VHI i fleire år, men synest rett og slett dei har mista litt "piffen". Så no er det takk og farvel. ;) Gler meg til å finne mykje god inspirasjon frå Danmark i postkassa mi framover!

God tysdag!