laurdag, februar 27, 2010

Brukskunst


I går var eg og husbonden på bytur, og med heim fulgte det mellom anna tre kvite koppar som eg hadde ein plan for. Eg kjøpte også ein porselenstusj, og etter kveldsmaten fekk ungane dekorere kvar sin kopp. No skal dei tørke til i kveld. Då kan dei herdast i omnen, og så har vi tre koselege kunstverk som kan brukast til kaffien eller ein melkeskvett! Eg kjenner at dette kjem til å bli tre favorittar i kjøkkenskapet! :)

torsdag, februar 25, 2010

Feriesysler


Leik med fine fargar...



...leik i ein liten boks...


...førebuingar til formiddagsbesøk. Det er slikt som er fint å bruke vinterferien til.


Men eplabutikken er ikkje feriestengd. :)

måndag, februar 22, 2010

Skrimmel skrammel


Ved sidan av komfyren vår har vi ei stang med diverse kjøkkenskrommel hengande. Noko av det er loppefunn, anna er nytt. Sjølve stanga er gjenbruk; eit stålrør frå ei utdatert hattehylle. Husbonden saga den av og berre kjørte den fast mellom veggen og kjøkkenventilatoren. Enkelt og greit, hehe! Og det er både dekorativt og praktisk, for mesteparten av dette er slik som vert brukt ofte. (Ikkje hjulvispen - som vi berre sveivar igong ein gong i ny og ne for ungane sin del. Alltid populært!)

Legg forresten merke til den "knottelause" komfyren vår! Barnesikringa vi kjøpte fungerte heller dårleg, så hos oss vart løysinga å plukke av knottane. Dei ligg i ei skål på kjøkkenvifta, slik at den aktuelle knotten kan monterast på når ei plate skal slåast på. Det enklaste er ofte det beste! ;)

søndag, februar 21, 2010

Det er heilt prima...


...å ha ein heil vinterferie framfor seg og sitje saman med mamma i sofaen og sjå teiknefilm. Spesielt når ein har sjokoladebitar i koppen sin.

Vi kosar oss! :)

laurdag, februar 20, 2010

Les og drøymer


Har de sett reportasjen frå United Bakeries i siste Interiørmagasinet? Eg stirrar til auget vert stort og vått, for makan til fantastiske kafélokale skal ein leite lenge etter! Eg kunne rett og slett ha flytta inn i fleire av bakeriutsalga deira...! Akk! Sjølv har eg berre vore i bakeriet på Paleet, men neste gong eg får anledning å ta turen til hovudstaden skal eg jammen gå innom fleire av dei. I mellomtida får eg nyte bileta i Interiørmagasinet medan eg drikk resten av kaffien min her heime. Det er eigentleg ikkje så verst det heller…

God laurdag!

fredag, februar 19, 2010

Restefest

På arbeidsbordet mitt ligg det stadig ein liten haug med stoffrestar. Denslags rot er igrunn heilt i orden, synest eg. Dei er jo så fine å sjå på! :) Berre dei aller, aller minste går i boss. Dei som er litt større skal bli bittesmå lavendelposar som er ekstragåver til kundane i eplabutikken min. Kjekt å kunne bruke mest mogeleg av dei fine stoffa!

Elles må eg takke for hjelp med å finne illustratøren av barnebøkene eg viste i går! Det var fleire som visste at ho heiter Felicitas Kuhn, og eit raskt søk på nettet førte meg til fleire av dei nydelege illustrasjonane hennar. Vidunderleg!

I helga håper eg å få tid til å sy enda litt meir til eplabutikken. Det skulle ikkje forundre meg om det dukkar opp fleire Bambipungar, så følg med, følg med! ;)

Ha ei god helg!

torsdag, februar 18, 2010

Godnatthistorier


I dag må eg berre vise dykk eit par bøker som stadig ligg framme her hos oss. Då eg var lita, fekk eg ei bok som heiter 10 godnatteventyr. Tekstane i boka er ikkje det aller beste eg har lese, men illustrasjonane...Å! Eg vert glad langt ned i magen av fargebruken og den fine streken!


For eit års tid sidan var eg så heldig at eg kom over ei anna bok av same forfattar i ein bruktbutikk. Denne heiter "Min store godnattbok", og det viste seg at dei ti forteljingane frå den første boka også er i denne, saman med mange, mange andre. Og den er ei skikkeleg gullgruve - full av superfine illustrasjonar.



Det store spørsmålet er kven som har laga desse illustrasjonane. Det står Kirsten Langbo på "10 godnatteventyr", men på baksida av boka står det "norsk utgave 1981 (Litor)" og "1975 Pestalozzi-Verlag", så Langbo har vel omsett boka, går eg ut frå. Er det nokon som veit noko meir om dette?

måndag, februar 15, 2010

Meir Bambi :)


Pungane med Bambi som vart lagt ut i eplabutikken min i helga forsvann fort, og sidan det var spørsmål etter fleire er eg igong med å sy nokre til. To rykande ferske Bambipungar og eit par andre variantar er no på plass i butikken. Løp og kjøp! :)

laurdag, februar 13, 2010

Vi er klare


Vi er klare for festsøndag! Fastelavensriset er fiksa, og morsdagsmarsipankaka står trygt i kjøleskapet. Men først ventar ein fredeleg laurdagskveld. Kan det bli betre? :)


Eg har også lagt ut ørlite nytt i eplabutikken i helga. Velkommen innom!

fredag, februar 12, 2010

Maritimt


I dag vart det reine akvariestemninga på kjøkkenet. Ein av kunsnarane i familien (Storebror) slo til med eit undervannskunstverk på tavledøra vår. Feiande flott, synest mor, og iler til med kameraet. :)


Den lille krakken er det eg sjølv som har laga i mine yngre dagar. Det var eigentleg ikkje så mykje brukandes som vart laga på sløyden, men akkurat denne er eg litt stolt av. På undersida er den merka med namn og klasse 6B. Oi, det er lenge sidan, det! (Eller var det i går?) :)

Ha ei god helg!

torsdag, februar 11, 2010

No skyt dei fart...


I stova vår er det pelargonia i alle vindauga. Dei fleste av desse er etterkomarar av plantestiklingar eg fekk kjøpt av pelargoniantusiastar på internett for nokre år sidan. Den gongen var det heilt umogeleg å få fatt i anna enn trauste raude variantar på gartneria her omkring. Då eg spurde etter kvit eller rosa Mårbacka fekk eg berre beskjed om at dei ikkje trivst her på våre kanter. Heldigvis var det altså hjelp å få på internett!

Pelargonia skal strengt tatt ha ein kvileperiode vinterstid, der dei skal setjast kjølig og mørkt og vatnast svært sparsommeleg. Eg har ikkje rom som er godt egna til denslags, og difor bur plantene mine i stova på heilårsbasis. Og det går bra, det! Når det nærmar seg jul, sluttar dei å blomstre, og dei vert rett nok litt rare og ranglete midtvinters, men eg synest ikkje det gjer noko. Dersom dei tar heilt av og vert altfor lange og tynne, beskjer eg berre dei verste skota. Så gir eg dei eg god beskjering i februar/mars, samtidig som eg kanskje fyller litt ny jord i toppen av blomsterpottene og startar opp att gjødslinga.

Det merkast at det er meir dagslys no, for dei siste par vekene har plantene begynt å skyte fart igjen. Blada ser større og meir irrgrøne ut, og den første blomsten har åpna seg. Det må vel vere eit vårteikn! :)

onsdag, februar 10, 2010

Litt meir vinter – og svar på spørsmål

"Påskestemninga" frå i går er borte vekk, i dag snør det igjen. Men det er greit. Eg har vore ute og henta ved, eg har sett nye lys på bordet, og eg har nybrygga kaffi i koppen. Eg lid inga naud!


Det var mange som lurte på kor eg hadde fått fatt i silkepapir etter gårsdagens silkepapirfoto. Eg har leita lenge rundt etter silkepapir i fine fargar - som eg ikkje måtte blakke meg på, og fann det til slutt her. Nokre få av fargane i pakken var litt traurige, men dei aller fleste er fine. Og prisen er det ingenting å seie på!

Fekk også spørsmål om kva slags fotoutstyr eg brukar. Eg tar dei fleste bileta mine med dette kameraet (og objektivet som fulgte med i pakken), og har i tillegg kjøpt dette objektivet. Når eg er ute på tur tar eg som ofte berre med meg dette kameraet. Til biletbehandlinga kan eg anbefale Lightroom.

No tar eg strikkepinnane fatt og legg ut på ei lita vandring rundt i blogglandskapet. (Multitasking, med andre ord…!) God onsdag!

tysdag, februar 09, 2010

Pakke, pakke...


Elle melle, kva for ein farge skal det vere på silkepapiret i dag, tru? Det er kjekt å gjere klar pakkar som skal postast når eg har inspirerande materiale å arbeide med. Eg gler meg alltid til eg skal gjere eit dykk i denne fargerike stabelen. Og silkepapir knitrar så koseleg! :)

Ute skin sola, det dryp frå taket og fuglane kvitrar. Reine påskestemninga! Eg ynskjer deg ein god februartysdag!

måndag, februar 08, 2010

Rusk og rask...


...er ikkje alltid uestetisk. Det kjem berre litt an på korleis ein ser det! ;)

(Dessverre er ikkje alt rusket vårt etter helga like estetisk, så eg burde kanskje ta ei lita runde med støvsugaren snart…!)

søndag, februar 07, 2010

Egg!


Ein slik liten luring brukar å dukke opp på frukostbordet vårt når det er helg. Dette er nemleg Vesla sitt søndagsegg. Eg kjøpte desse morosame formene på ebay, og dei tryllar alminnelege egg om til søte figurar. Egga må kokast først, og når det er ferdigkokt, tar eg av skalet, stappar egget inn i forma og let det ligge eit minutt eller to i kjøleskapet. Så er det berre å opne forma att - og vips - har du ein nusseleg liten harepus! Koseleg, eller kva? :)

laurdag, februar 06, 2010

Minisaum


På julaftan var det ei jente her i huset som vart glad då ho opna pakken frå oss; ei barnesymaskin.


Det har blitt sydd litt forskjellig med den sidan jul, og i går vart Vesla inspirert til å lage seg ei lita veske. Ho starta med å teikne eit mønster.

Etter ei stund med klipping og saum (og bittelitt hjelp av mamma), hadde ho ei fin veske som ho kunne dekorere med tekstiltusjar! :)

Symaskina er av merket Janome, og vi kjøpte ho her.

PS! Eg nytta høvet til å sy litt sjølv medan Vesla putla med si maskin, og resultatet er ein ny presskannevarmar i eplabutikken min.

Så bra...


...at den fine lille kofferten, som eigentleg var tenkt som gebursdagspresang, ikkje vart gitt vekk likevel. Den er nemleg perfekt til lageret av glidelåsar på arbeidsrommet! Og den kvalifiserer absolutt som augesnop, særleg når den står på gløtt og viser litt av innhaldet! Hm…trur eg må ønske meg fleire av dette slaget!

fredag, februar 05, 2010

Salg!


Har du bruk for noko å bere tinga dine i? Akkurat no har eg sett ned prisen på nokre av handlenetta i eplabutikken min. Velkommen innom! :)

torsdag, februar 04, 2010

Tenk...


Tenk at ein kan bli så glad i ein sofa! Vi har ein sjarmerande gamal sofa med historie. I denne slappar eg av med laptopen, eg les herlege bøker og blad (med og utan ungar i armkroken), eg strikkar litt, ser på TV med beina i fanget til husbonden, inntek koppar med varm kaffi, gir plass til gjester som er på besøk, ammar Minsten, og det går jammen også fint an å ta ein liten ettermiddagsblund her. Alt dette kunne eg sjølvsagt gjort i ein ny sofa òg, men hjartet mitt bankar nok litt ekstra for dette ærverdige gamle møbelet som har gjort teneste både her hos oss og hos gode vener.

onsdag, februar 03, 2010

Ei lita opplysning...


Eg fekk spørsmål frå eit par lesarar om eg har laga blomsten i dette innlegget sjølv. Det har eg, og eg har skrive meir om det her. Du finn link til oppskrift på desse hos Liselotte.

...og biletet over har ingenting med saka å gjere, men er dagens 365-foto frå ein frisk morgonspasertur med vogna. :)

tysdag, februar 02, 2010

Nye saker

Slik vart vottane eg starta på forrige veke. Dei er strikka i restar av finull og New Zealand lammeull på tjukke pinnar, og sidan tova i vaskemaskina. Eg ser dei kunne vore strikka litt større og tova litt meir slik at dei vart eit lite hakk tettare og tjukkare, noterer meg det til neste gong.

Denne lille veska/pungen er også relativt ny. Eg tenkte eg skulle prøve å sy ei veske med bua topp, etter mønster frå ei av Tildabøkene. Resultatet vart ikkje heilt 100%, men den fungerer i alle fall greit til oppbevaring av hårstrikk og anna småtteri som gjerne vert liggande og slenge rundtomkring. Stoffet er eit av favorittstoffa mine, så eg har plassert den strategisk på kjøkkenet så eg kan glede meg over dei herlege fargane kvar gong eg arbeider der. :)

God tysdag!

måndag, februar 01, 2010

Vi rekker våre hender frem
som tomme skåler.
Kom til oss, Gud, og gi oss liv
fra kilder utenfor oss selv.

Alt godt, til vårt og andres vel,
er dine gaver.
I svakhet fremmer du ditt verk,
vår bare kvist skal skyte knopp!

Vi løfter våre hender opp
i bønn for verden.
La dem som lider, finne vern
mot kalde hjerters is og sne!

La våre henders nakne tre
få blomst og blader.
La våre liv få bære frukt
til legedom for andres sår!

Vi venter, efter smertens vår,
din nådes sommer.
Og sorg og glede blir til vekst
med frukt vi ikke selv kan se.

Din nådes skaperverk skal skje
i tomme hender.
O Gud, all godhets giver: Kom,
ta bolig i vår fattigdom!

Svein Ellingsen