Hehe, store ord, ja, men eg må berre vise dykk festeanordninga for lampen vi har ved sofaen. Lampen er eit loppemarkedfunn som dessverre mangla tingesten som skal brukast for å feste lampen til eit bord eller liknande.
Løysinga vart å bore eit hol i ei gamal tønne eg hadde ståande (takk til husbonden for hjelp med boring!), og vips - så var problemet løyst. At eg fekk ein ekstra plass å leggje frå meg bøker ved sofaen var heller ikkje dumt. Ingeniørkunst på sitt beste! ;)


































