tirsdag, desember 21, 2010

Det flaskar seg!


Det fjerde lyset har vore tent eit par dagar, også på kjøkkendørtavla vår, og no er jammen adventstida snart til ende.


I dag bretta eg opp ermane og tok fatt på støvtørkinga.


Eg kan ikkje seie at støvtørking er det kjekkaste eg gjer her i verda, men med julemusikk i bakgrunnen og mann og barn plassert i ein annan ende av huset, var det nesten så eg kosa meg med arbeidet - i fred og ro. Og reint vart det i alle fall.



Julestrømpene eg kjøpte av Borghildpia i fjor er på plass att. Er dei ikkje fine?


Og julekrybbefigurane våre har alt vore på vandring eit par veker. Julekrybba laga eg og ungane for to år sidan, og det er SÅ kjekt å pakke den ut att! Dei vise mennene ser ut til å finne vegen til stallen i år òg.


Det same gjer Josef og Maria.


Sauene er nålefilta. Vi har berre to, men eg kunne gjerne tenkt meg å utvida samlinga ein smule.

Her er dei to trivelege gjetarane som har ansvaret for den bittelille saueflokken vår. :)

Vi er altså snart i mål. Eg ser at juletrea er i ferd med å bli pynta rundt i bloggheimane, og eg gler meg til i overmorgon, då skal vårt tre inn. Snart, snart! 
Medan eg ventar, tar eg ein pust i bakken og ser denne filmen for å minne meg sjølv på kvifor vi feirar jul. Ikkje som ein tilfeldig fest i mørketida, sjølv om jula er eit kjærkome abrudd i ein lang vinter, men for å feire at Jesus kom til oss som eit lite menneskebarn! Det er eg evig takknemleg for!

14 kommentarer:

  1. Mange koselige bilder! Kjempefine julestrømper:-)
    Her har vi også vaska i dag. Eigentlig heilt greit når man er i gang, men kjedelig å begynne.. og så blir ein så sliten etterpå hehe.
    Èin dag att, så JULEFERIE, det skal bli så ubeskrivelig godt:-)

    Klem Marianne

    SvarSlett
  2. Takk kjære vakre deg.
    Takk for dette innlegget.

    Det er så viktig, oppi alt som må gjøres, å bli minnet om at det er Jesu fødsel vi feirer! Det er det største av alt, det viktigste!

    Takk for linken på Youtube.

    Måtte din jul bli rolig og velsignet, du vakre kvinne!

    SvarSlett
  3. Gode ord!
    Takk :-)

    SvarSlett
  4. Nydelig sang.
    Ønsker deg ei fredfull julehøytid :)
    Klem fra meg :)

    SvarSlett
  5. I see you got a wonderful coffee maschine

    SvarSlett
  6. Nydelege bilder, nydelege ord! Kosar meg med bloggen din!

    Framleis fine førjulsdagar til deg!
    Klem

    SvarSlett
  7. Takk for at du minner oss på det viktigaste,den egentlige grunnen til at vi kan feire jul. Så godt å møte på det her inne og. God og velsigna jul til deg og dine.
    Hildegunn Ø

    SvarSlett
  8. Så sant so sant :)

    Klem!

    SvarSlett
  9. så fin film og song. Jesus er verkeleg både Gud og menneske!

    Ønsker deg og dine gode juledagar.

    -klem

    SvarSlett
  10. Nydelig julekrybbe!

    SvarSlett
  11. For en snerten idè med en tegnet adventsstake på tavla. Den likte jeg kjempegodt :)

    Ha noen fortsatt fine førjulsdager :)

    SvarSlett
  12. Hej! Jag tittar bara in för att jag vill önska dig en underbar julfröjd! Många kramar från petra

    SvarSlett
  13. GOD JUL,
    og takk for masse inspirasjon dette året!
    Klem J.

    SvarSlett
  14. Eg vil ynskje deg og dine ei velsigna jolehelg frå oss her inne i Modalen og takke for kjekke kommentar på bloggen min i året som gjekk!

    Klem!

    SvarSlett