mandag, november 08, 2010

Når Kong Vinter kjem og legg det kvite teppet sitt over landet vårt...

...må vi ikkje gløyme dei små venene våre ute. No er det ikkje lett for dei å finne mat på eiga hand! Og så er det jammen kjekt for oss òg, å kunne studere fuglelivet gjennom vindauget! No har fuglane blitt så tamme at eg kan stå tett på dei og fotografere. Stas! :) Det fine fuglebrettet med tak på fekk vi til jul i fjor, og det er flittig i bruk.

I tillegg brukar eg å lage meisebollar. For nokre år sidan høyrde eg at meisebollar med netting på (slike som er til salgs i butikken) kan skade tunga/munnen til fuglane. Om dette stemmer veit eg ikkje, men for sikkerheits skuld lagar eg dei sjølv. Det er både enkelt og kjekt, og så slepp eg å sjå den grøne nettingen ute i treet vårt. ;) Eg smeltar delfiafett og blandar i fuglefrø. Mesteparten er solsikkefrø, då det visstnok er desse som fell best i smak blant fuglane som besøker oss. Dei andre frøa kastar dei berre på bakken...! 

Fett-/frøblandinga heller eg i plastglas. Så knyter eg snøre på små trepinnar (kongler med hyssing på fungerer også supert), og stappar pinnane ned i blandinga medan det enno er flytande. Så er det berre å setje glasa kjøleg til fettet er stivna.  

Før eg henger meisebollen ut, plukkar eg sjølvsagt av plastglaset. Ferdig!

Og så er det berre å nyte synet av lukkelege pip-pipar! :)

15 kommentarer:

  1. Kjempebra at du tar vare på fuglene i nærområdet - og det gjør jo ikke noe at det ser lekkert ut heller ;-)) Ønsker deg og pip-pipene en fin dag videre.

    SvarSlett
  2. Det er så kos å se på småpipene spise solsikkefrø :)

    Det fuglehuset var kjempesøtt!

    SvarSlett
  3. Tusen takk for ein super meisebolleide! :)
    Her har vi besøk av mykje fugl til stor glede for oss alle! Og veit du? I går såg eg den fyrste dompappen.. DEN har ikkje vore her sidan Lønnetunefrua var lita så det var ekstra stas! :)

    Klem fræ Lønnetunet

    SvarSlett
  4. Elsker folk som deg,
    som er så snill med
    dyrene våre. :)))))

    Klem Mette.

    SvarSlett
  5. en fin påminnelse :o) kjempefine bilder!
    Klem J.

    SvarSlett
  6. Tak for denne gode ide. Det ser dejligt ud med hjemmelavet mad til fuglene.
    klem MARIANNE

    SvarSlett
  7. SÅ fine bilder :D :D Jeg har betsemt meg for ikke å mate fuglene i vinter :( Pga den ene pusekatten... hun er en racer på fugle-mord... dessverre... så da er det tryggere om de holder seg unna ja!

    SvarSlett
  8. Nice pictures!
    My zon maked these bird-food-things last year at school..I remember the birds in Amsterdam like them too :o)

    Greetings,
    Maren

    SvarSlett
  9. Nei, det er sant, man må ikke glemme de små. Så koselige bilder du har tatt av dem og det fuglebrettet var superfint.
    Klæm

    SvarSlett
  10. Her er link til hjemmesiden til keramikeren:
    http://www.rigmorskeramikk.com/
    Jeg har ikke vært der selv- men var så heldig at noen kjøpte den for meg. Kanskje du har noen bekjente i området der hun har utsalg?

    SvarSlett
  11. Så fin den fuglemataren var! Og herleg med kombinasjonen av snø og fargar...litt haust og litt vinter enno. :)

    Fine meisebollar du har laga også...og eg har visst laga eit liknande innlegg i dag, utan å vite om ditt..hihi :) Utruleg kosleg ting å gjere saman med familien, og så stas å følge med på utover vinteren! Trur nok vi må lage fleire porsjonar etterkvart...

    Ønskar deg deilige dagar! :)

    SvarSlett
  12. BONJOUR,
    très beau blog,
    j'aime beaucoup me promener ici, et découvrir votre monde...
    Lisou
    Kiss from my PROVENCE in FRANCE

    SvarSlett
  13. BONJOUR,
    très beau blog,
    j'aime beaucoup me promener ici, et découvrir votre monde...
    Lisou
    Kiss from my PROVENCE in FRANCE

    SvarSlett
  14. Sikke smukke billeder!
    Jeg er sikker på, at fuglene i din have har det dejligt - bliver så glad af at kikke forbi din blog :-)
    Mange hilsner fra Danmark
    Eva

    SvarSlett
  15. Lurer på om fuglene vil komme å spise hvis jeg henger opp en slik meisbolle på balkongen vår...

    Det siste bildet er aldeles nydelig!

    SvarSlett