mandag, november 15, 2010

Det lakkar og lir...

...mot desember. Eit par korte veker no, så er vi der. På laurdag var vi på handel og er dermed snart i mål med årets julegåver. Veldig fornøgd med det! Sviblane var på plass i butikken, og på Indiska vart eg freista til å kjøpe med meg ein litt julete kaffi smakssett med kanel. Juleduft...mmm! 
Tips: Eg synest det vert for mykje smak dersom ein traktar kaffien på berre "spesialkaffi", og brukar heller ei spiseskei av denne + 5-6 skeier vanleg filtermalt kaffi til ein liter vatn. Akkurat passe!

Som de ser ladar eg også opp til advent på bokfronten; "Julefryd" er på plass på bordet. Og så les eg "Men jeg så ham dø" av Lloyd C Douglas, som forsåvidt ikkje har noko direkte med advent å gjere, men den handlar om han som er hovudpersonen i jula (...og det er ikkje julenissen!!). Anbefalast!

Litt barnekunst i dag òg, eller barnebrukskunst, må eg vel heller kalle det. Fint, kva? Og heilt brannsikkert. :)
Og så denne...men den må vi visst spare til vi kjem litt tettare på jula. :)

God måndag!

9 kommentarer:

  1. Hello i luken :)

    ..Stemningsbilder også fra deg idag ser jeg..
    Svibelen er alt i hus ser jeg?
    Disse små skjønne plantene er så innmari koselige..
    De lukter HIMMELSK synes jeg..

    Skal få rotet meg til blomsterbutikken og kjøpe med meg mange hjem i nærmeste fremtid :)

    ..Ja.. Julen er her fortere en fortest*ler*

    Snart er det adventd tid og tid for KOS :)

    Gleder meg faktisk til den nye "lille fleksnes" julekalederen som skal gå på tv norge iår..hihi. Håper den er koselig :)

    Ha en kjempe fin dag vennen

    Klem Ida Susamme

    SvarSlett
  2. Du har en Skjønn blogg:) Julen er i gang her og, men pynten den blir det lengre til kommer frem:)

    SvarSlett
  3. look a like a good monday
    I""m sure you house looks very cozy

    SvarSlett
  4. herleg innlegg!

    Blir alltid inspirert når eg kikkar inn her :O)

    God måndagskveld til deg.

    *klem*

    SvarSlett
  5. Sikkert godt med litt julesmak på kaffen.
    Har lest den boka, men det er ei god stund siden. Kanskje jeg skulle finne den frem igjen. Driver med ei gammel bok av Lars Rustbøle nå. Får lese ferdig den først.
    Så fin pynt ungene har laget. Lyset var skikkelig stilig.
    Ha en god kveld :)

    SvarSlett
  6. Åh, som vi gler oss til jula!!! Prosjekterprosjekter.... jippi!!

    Håpe dokke har ei fin veke!

    SvarSlett
  7. Eg blir alltid så glad når eg kjem inn hit til deg.:) Nydelig stemning. Fekk lyst til å sette meg ned med ei bok og kose meg i sofakroken med ein kaffi... Jaja eg har bestemt meg for at desember skal bli masse kos og juleførebuing. Akkurat no går det litt for fort i svingane etter min smak..
    Ha ein fin kveld du:)

    SvarSlett
  8. Så koselig dokke har det! Og så så flink du er da. Snart ferdig med julegaver?? Hjelp, e har ikkje begynt å tenke ein gong.

    Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  9. Herleg!!
    Kos deg vidare..
    Nattaklem :-)

    SvarSlett