torsdag, oktober 14, 2010

Kledeleg




Eg kasta blikket ut gjennom kjøkkenvindauget då eg stod og laga mat i dag, og måtte igjen konstantere for meg sjølv at eg er svært fornøgd med leveggen og gjerdet vi har fått laga. Det vart så mykje lunare stemning rundt inngangspartiet då dette kom på plass! Og så likar eg så godt den svartbrune fargen! Etterkvart skal huset også malast svartbrunt. Enn så lenge er det nøttebrunt, som er fargen dei første huseigarane gav det. Forsåvidt ein grei farge, men eg trur huset vert enda flottare i ein mørkare nyanse. Fargen står i alle fall finfint til delikate pastellrosa roser i hagen om sommaren, og jammen er den flott mot den gullgule bjørka til naboen no om hausten òg! Kledeleg!

9 kommentarer:

  1. Kan godt forstå at I er tilfredse, det ser rigtigt fint ud!.. Vi har et bord herhjemme stort set magen til det du har.. et arvestykke fra min oldemor.. :) Nydelige efterårs billeder.. :)

    SvarSlett
  2. Kledeleg er jo berre forbokstaven!!!!
    Eg blir så inspirert! :)
    Eg og vil ha!!!!!!
    God veke vidare!

    SvarSlett
  3. Flottflott sier jeg :) Flotte farger!

    Ha en fin dag!

    SvarSlett
  4. Eg er så einig med deg. Eit gjerde kan vere det som skal til, og det er alltid kjekt med noko som intimiserar uterommet. Dette ser iallefall trivelg ut. Eg hugsar også bileta du la ut i sommar frå yteplassen. Det såg kjempekoseleg ut.

    Og mørke fargar er så gode når dei får fram fargane elles ute. Heime har me eit nesten svart hus, og der kjem hagefargane så godt fram.

    God helg til deg og dine!

    SvarSlett
  5. dette var nydelig høstinnlegg...

    SvarSlett
  6. Jäpp! Det är såååå fint! För att inte tala om dina fönster, med pelargoner och vattenkanna, krans... Det ser så inbjudande, rent och stilfullt ut. Jag kastar lååånga blickar!!

    SvarSlett
  7. Nydelig og stemmningsfult! God helg i høstsolen:-)

    SvarSlett
  8. Ja veldig fint :-)!!!!! Og ja, du må besøke både Blomster & Gaver og Bella Blå om du er uti "Våjen" Du vert garntert inspirert og begeistra :-)

    SvarSlett
  9. Så lekkert med nesten svart gjerde og levegg, veldig fint. Og gratulerer så mye med overstått og ny kopp :)

    SvarSlett