mandag, oktober 04, 2010


Haustferie
 

Haustferien er igong. Det er grått ute og regn i lufta, og vi luffar rundt innandørs og tar det med ro.


Eg måtte ta eit bilete til av København-lysestakane mine, på litt nærare hald denne gongen. På litt avstand er det kanskje englestaken som skiller seg mest ut, men når eg kjem tett på telyshaldaren i keramikk er eg SÅ fornøgd med meg sjølv for at eg kjøpte den. Den er kvit inni, og utanpå er den lys, lys blåturkis. Og så har den fine, små hol i stripemønster, som slepp lyset så delikat ut når den er i bruk. Like it!


Oppe på peisen har eg hatt fattigmannssølv ståande nokså lenge, og det var på tide med litt forandring. Eit par av stakane fekk plass på ei hylle bak spisebordet (sjå det øverste biletet), medan resten er på ferie i eit skap. Så plukka eg inn to store lykter frå vinterhagen og let desse få hovudrolla i eit nytt stilleben. Kjekt med forandring! 

Alt går imidlertid i litt sakte fart om dagen, for eg har ein rygg som ikkje fungerer heilt slik den skal. Men den er under behandling og opptrening, og eg håper det går seg til utover hausten og vinteren. Den vonde ryggen gjorde at 365-prosjektet mitt dessverre gjekk i stå, så veit de det, dersom de lurer på kvifor det ikkje kom nye oppdateringar på den fronten.

Til slutt må eg berre sende dykk vidare til ein fantastisk skjønn blogg, der ei mor tar bilete av draumane til den lille babyen sin. Til å bli i godt humør av! Bloggen finn du her.

10 kommentarer:

  1. Herlege bilete...
    Kjekt endre litt av og til...

    Prøve ta haustferie eg også, litt vanskeleg koble ut jobb..

    Trasig at ryggen plagar deg, vonar trening hjelp..

    Kos dokke!
    17 grader er ikkje gale, sjølv med litt regn i lufta ;-)

    SvarSlett
  2. Så trasig med en rygg som krangler, håper den jenker seg etterhvert og at du får trent deg i form ;)

    Fine vimpler du har sydd, kjente deg rykket litt i symaskinfoten ;)

    God høstferie!

    SvarSlett
  3. Så fine bilder du har tatt! Kjempefint å ha så god plass på peisen, da, så det er plass til litt forskjellig ;-)

    Jeg synes begge lysestakene dine var kjempefine!!

    Ha en fin mandag i høstferien :-))

    Li/Småtingene

    SvarSlett
  4. enjoy your holidays

    looks so cozy your home

    SvarSlett
  5. Så flotte bilder!
    Jeg har helt forelsket meg i den lille engelen :-)
    Herlig med lyktene på peishylla også.

    Ha en fin kveld videre!

    SvarSlett
  6. Nydelege bilder, som alltid! Håpar haustferien blir fin, til tross for litt labert feriever..:-)

    - og sist, men ikkje minst: god god bedring til deg og ryggen din!

    Klem

    SvarSlett
  7. Kjekt å sjå at du er tilbake i god bloggeform! :) Du tar så flotte bilete, heimen din er heilt skjønn!

    Bloggen med Mila sine dagdraumar var supernusselig! Måtte knise litt for meg sjølv, her eg sit. For ein kreativ mamma! :)

    God bedring og god haustferie!

    SvarSlett
  8. God bedring med ryggen og gratulerer med nytt utseende på bloggen!

    SvarSlett
  9. Hola, great blog, wonderful images!!!
    greetings from Chile,
    maria cecilia

    SvarSlett
  10. Samler litt på bloggar på nynorsk så då var dette eit vakkert funn.

    SvarSlett